Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Bornemann Bull

Ole Bornemann Bull, 1810–80, var fiolinist og komponist.
Bull starta å spele som femåring og var alt som tiåring ein kjend fiolonist. Då han var omlag tjue år, vart han rekna som ein av dei store europeiske virtuosane.
Bull heldt konsertar over heile verda frå 1831 og fram til han døydde.  Han turnerte i USA for første gong i 1843–45 og trekte fulle hus.

Ole Bull var i vennekrinsen til Edvard Grieg og Henrik Wergeland.
I 1850 grunnla han Den Nationale Scene (den gong under namnet Det norske Theater)  i Bergen. Han gjorde også eit forsøk på å grunnleggje ein norsk koloni, Oleana, i Pennsylvania i 1852, men dette stranda.
Bull flytta til USA, men var mykje på landstaden sin Lysøen, der han døydde i 1880.
Dei mest kjende verka til Bull er Sæterjentens søndag og I ensomme stunde.
Høyr reportasje frå NRK Skole om Ole Bull:

 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.11.2013
Sist oppdatert: 01.11.2013