Faktaboks

Ole H. Bremnes

Ole Hagbart Bremnes

Fødd
11. november 1930, Kvæfjord, Troms og Finnmark
Død
9. mars 2018

Ole H. Bremnes var ein norsk forfattar og rektor. I tekstane sine formidla han nordnorsk kvardagsliv og natur

Ole H. Bremnes var fødd i Kvæfjord i Troms. Bremnes var utdanna lærar og var tilsett ved Svolvær barne- og ungdomsskole i over 40 år, frå 1963 til 2000 som rektor.

Bremnes blei for alvor kjend i 1979 med teksten «Folk i husan», som blei framført første gongen i Søndagsposten i NRK radio. Han har skrive teksten til fleire av dei songane som borna Ola, Kari og Lars Bremnes har spela inn. I 1992 gav dei ut plata Ord fra en fjord, med tekstar av faren.

I 1990 skreiv Bremnes teaterstykket Høgsarsteinen, som blei sett opp første gongen ved Festspillene i Nord-Norge same året. Handlinga er lagd til krigsåra 1940 til 1945 og går føre seg i heimbygda Bremnes. For dette stykket fekk han prisen «Årets verk» av forfattarorganisasjonen NOPA. Framsyninga Bak hundrede mile, som byggjer på tekstar av Knut Hamsun, hadde urpremiere ved Festspillene i Nord-Norge i 1993.

Bremnes publiserte fleire tekst- og diktsamlingar. Den første er Tolv tekster om årets gang (1990). I 1998 kom Salmodikon, og seinare har han gitt ut to diktsamlingar, Folk i husan (2001) og Settekassen (2004). I 2010 kom boka Ka du fortell. Bremnes har forfatta ei rekkje prologar til større offentlege arrangement. Han er òg representert i fleire visebøker.

Tekstane til Bremnes reflekterer nordnorske landskap og miljø. Gjennom diktinga har han synt eit stort engasjement for kystkulturen i Nord-Noreg.

Bremnes fekk tildelt Blix-prisen i 1994, og i 1998 fekk han Fylkeskulturprisen i Nordland.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg