Hopp til innhold
X
Innhald

Ole H. Bremnes

Ole Hagbart Bremnes, skulemann og forfattar som formidla nordnorsk kvardagsliv og natur i tekstane sine.

Ole H. Bremnes var fødd 11. november 1930 i Kvæfjord i Troms og døydde 9. mars 2018. Bremnes var utdanna lærar og var tilsett ved Svolvær barne- og ungdomsskole i over 40 år, frå 1963 til 2000 som rektor.

Bremnes blei for alvor kjend i 1979 med teksten «Folk i husan», som blei framført første gongen i Søndagsposten i NRK radio. Han har skrive teksten til fleire av dei songane som borna Ola, Kari og Lars Bremnes har spela inn. I 1992 gav dei ut plata Ord fra en fjord, med tekstar av faren.

I 1990 skreiv Bremnes teaterstykket Høgsarsteinen, som blei sett opp første gongen ved festspela i Nord-Noreg same året. Handlinga er lagd til krigsåra 1940 til 1945 og går føre seg i heimbygda Bremnes. For dette stykket fekk han prisen «Årets verk» av forfattarorganisasjonen NOPA. Framsyninga Bak hundrede mile, som byggjer på tekstar av Knut Hamsun, hadde urpremiere ved festspela i Nord-Noreg i 1993.

Bremnes publiserte fleire tekst- og diktsamlingar. Den første er Tolv tekster om årets gang (1990). I 1998 kom Salmodikon, og seinare har han gitt ut to diktsamlingar, Folk i husan (2001) og Settekassen (2004). I 2010 kom boka Ka du fortell. Bremnes har forfatta ei rekkje prologar til større offentlege arrangement. Han er òg representert i fleire visebøker.

Tekstane til Bremnes reflekterer nordnorske landskap og miljø. Gjennom diktinga har han synt eit stort engasjement for kystkulturen i Nord-Noreg.

Bremnes fekk tildelt Blix-prisen i 1994, og i 1998 fekk han Fylkeskulturprisen i Nordland.

Kjelder

Lars Beite: Norske skolefolk. Stavanger 1966

Tove Myhre: «Bremnes skriver festspillprologen», Nordlys 18.4.2001

Svein Johs. Ottesen: «Hamsun og Bremnes Bak Hundrede Mile», Aftenposten 19.6.1993

«Ole H. Bremnes», litteraturnettnordnorge.no: http://litteraturnettnordnorge.no/ole-h-bremnes/ [lesedato 30.9.2012]

Peikarar

Knut Johansen: «Bremnes hedret», lofotposten.no

Først publisert: 07.08.2015
Sist oppdatert: 12.03.2018