Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Oskar Braaten

Oskar Alexander Braaten, heimstaddiktar, novellist, dramatikar, romanforfattar og bladmann som skildra fabrikkmiljøet på austkanten i Kristiania i første halvdelen av 1900-talet. Han skreiv lenge på nynorsk og blei ein viktig deltakar i målstriden.


Sjå kjeldetilvisingar til bileta i tidslinja nedst i artikkelen.

Oskar Braaten var fødd 25. november 1881 i Kristiania og døydde i ei bilulukke 17. juli 1939 i Trysil. Han vaks opp på Sagene med ugifte foreldre. Etter folkeskulen og ei tid som visargut var han tilsett hos bokhandlar og antikvar Bertrand Jensen fram til 1910. Same året gifta han seg med fiolinisten Ragna Aurora Martinsen. No blei han forfattar på heiltid, med ein periode som sjef ved Det Norske Teatret (1934–36).
Han debuterte i 1903 med novella Dømd! i Symra. Seinare kom Kring fabrikken (1910), der han skildra arbeidarklasselivet på ein måte som ingen hadde gjort før, realistisk og med eit skarpt blikk for miljø og menneske, og med forståing og medkjensle for menneska sine svake sider. Dette blei eit gjennomgåande tema i den nyrealistiske diktinga hans.
Den første skildringa av austkanten i Oslo
Elling er ein gut paa kring dei 30. Han er einaste son til ho Inger Olsen, Bikj-Inger dei kallar, og er so heppen aa liva i ein kant av byen der det ikkje altid er spurlag etter faren. –

Ho Bikj-Inger liver sitt liv paa tvo maatar. Fraa klokka seks um morgonen til klokka seks um kvelden er ho paa fabrikken og arbeider og trætter med alle ho kan faa høve til. Og fraa klokka seks um kvelden til klokka seks um morgonen er ho heime og trætter med han Elling. – Ja trætte er vel ikkje nett det rette orde, for han Elling svarar aldri.   

Bikj-Inger hev gjenge paa fabrikken i 30 aar, eilt fraa ho kom inn til byen som ei sekstan aars gamal gjente. Og ho hev berre skofta nokre faa dagar – det var den gongen han Elling kom til verda

Frå Kring Fabrikken, Olaf Norlis Forlag 1910. 
Braaten skreiv meir enn 30 bøker, og i 1911 kom gjennombrotet, med dramaet Ungen, og i 1925 kom komedien Den store barnedåpen. Braaten skreiv flest romanar, men gjorde heile livet ein stor innsats for nynorsk dramatikk gjennom arbeidet ved Det Norske Teatret. I første delen av forfattarskapen skreiv han på nynorsk, seinare på dialektfarga bokmål. Frå 1936 fekk han kunstnarløn frå staten.

Gjennombrot

I 1906 gav Braaten ut skodespelet Du heimen min – spelstykke i to vendingar. Så kom to mindre arbeid, før novellesamlinga Kring fabrikken (1910). Her skreiv han om det som blei det viktigaste temaet hans, fabrikkarbeidarane.
Braaten slo igjennom med det sosiale dramaet Ungen (1911). Temaet i stykket var lagnaden til ugifte mødrer og barnlause kvinner, morskjensle og arbeidarjenter som kjempa for å få ha barna sine. Han skildra menneska og miljøet slik at det verka ekte og nært. Etter dette fekk Braaten reisestipend til Danmark, Tyskland og Italia. Ungen blei sett opp på Nasjonalteateret i 1913 og blei filmatisert i 1938 av Rasmus Breistein. I 1960 blei stykket spela som fjernsynsteater, og i 1960 kom det ein filmmusikal-versjon, regissert av Barthold Halle. Dramaet kjem framleis i nye oppsetningar, seinast i 2008.
Opninga på «Ungen»
Utanfor veverie. Sumarkveld. Til høgre i bakgrunnen ser ein litt av ein raud bygning med store tunge dører. Det er inngangen til veverie. Utanfor dørene ei brei steintrapp. I forgrunnen til vinstre ser ein noko av brua som gjeng over elva til spinnerie paa andre sida. Paa baae sidur av brua er det tjukke, klumpute trehandrev. Engebret og Krestaffer sit paa steintrappa og røyker. Det er noko til aars komne baae – er nær dei seksti. Dei har noko av ein sjømanns-svip over seg. Har vore sjømenn i sine unge dagar.

Engebret:            Eg kan ikkje skyne slikt eg get. Neggu om eg det kan.
Krestaffer:         Jaso. Kan du ikkje det?
Engebret:           Tenk aa ha seg eit godt arbeid, daa get. Og so stelle seg slik at han misser det berre for fyll. Eg har aldri høyrt so gale, eg.
Krestaffer:         Aa, det har du visst. Han er’kje den fyrste, som er ute for slikt, og blir’kje den siste heller.
Engebret:           Nei, du veit det. Eg meiner ikkje soleis. Men eg seier berre det er fælt eg – slik som ungdomen steller seg no for tida. Det skulde’kje vore daa vi var unge. Vi bar oss ikkje slik aat vi.
Krestaffer (reiser seg): Aa, det var’kje stort likare med oss, tenkjer eg. Vi drakk og var galne, vi òg.

Frå «Ungen. Folkeliv i 4 akter», Olaf Norlis Forlag 1911, og premiere på Det Norske Teatret same året.
Den første romanen, Kammerset. Av billedhugger Leo Dürings papirer (1917) handlar òg om arbeidarklassemiljøet, men hovudpersonen har kome seg bort frå fattigdomen. Braaten skreiv mange romanar, og berre i perioden 1917 til 1925 gav han ut sju romanar, mellom anna Ulvehiet (1919) og Mathilde (1920). Desse to bøkene blei reviderte og gitt ut i eitt band med tittelen Ulvehiet (1933), og det blir rekna som det viktigaste romanverket hans. Den siste romanen, Fugleburet, kom i 1937. Her tok Braaten opp sektvesenet. Samlinga Verker kom i seks bind i 1941–42 og i ny utgåve i 1952.

Det økonomiske vendepunktet

Etter ein del år som romanforfattar vende Braaten tilbake til scena og skreiv den folkelege komedien Den store barnedåpen (1925), der han viser skrivekunsten sin i dialogane. Alvilde har fått eit barn utanfor ekteskap. Ho vil døype barnet, men får kjeft av den nytilsette kapellanen i kyrkjelyden. Bodskapen i stykket er at presteskapet måtte gjere kyrkja folkeleg.
Den store barnedåpen blei filmatisert i 1931, med Tancred Ibsen og Einar Sissener som regissørar. Dette var den første norske lydfilmen, og filmen blir framleis vist på NRK med jamne mellomrom. Denne filmen og mange sceneoppføringar sikra økonomien til Braaten. Etter suksessen med komedien kom fleire enkle og underhaldande drama som Godvakker-Maren (1927)og Bra mennesker (1930).

Lite politisk dikting

Braaten blei rekna som ein ypparleg novellist, og han gav ut fleire novellesamlingar. Oslo-fortellinger (1935) inneheld novella «En hjemkomst», som har vore med i fleire lærebøker i norskfaget.
Sjølv om Braaten skildra fattigstroka i Oslo og personane med sympati og forståing, skreiv han lite politisk. Arbeidarrørsla voks seg sterk i denne perioden, og i skildringar av lagnaden til personane hans ser vi ein indirekte kritikk av sosial urett og ulikskap.
Romanane til Braaten hadde ein dramatisk nerve og skildra fattigdom, alkoholproblem og slit, men også at sosial oppdrift kunne ha tragiske konsekvensar. Han gav levande og nyanserte bilete av livet til arbeidarklassen på austkanten i Oslo, og bøkene hans har i dag både historisk og kulturhistorisk interesse.

Bladmann

Oskar Braaten var medarbeidar i Kringsjaa og Den 17de mai (1910), redaktør av For Bygd og By (1912), medredaktør i St. Hallvard (1933–39) og formann i Den norske Forfatterforening (1933). Det var som bladmann han hadde levebrødet sitt store delar av livet.
Kjelder
Hans H. Skei: «Oskar Braaten», Norsk biografisk leksikon, bd. 2. Oslo 2000. Elektronisk utgåve, Store norske leksikon, snl.no, http://www.snl.no/.nbl_biografi/Oskar_Braaten/utdypning [lesedato 15.4.2011]

Illustrasjonar, tidslinje: Bokomslaga er frå Nasjonalbiblioteket. Fotografiet av barndomsheimen i Sandakervn. 12 er frå Oslo museum og delt under lisensen CC BY-SA 3.0 NO. Dei to fotografia av han er frå Ivar Aasen-tunet, arkiv.

Først publisert: 15.04.2011
Sist oppdatert: 13.11.2018