Hopp til innhold
X
Innhald

Øystein Bjørdal

Øystein Bjørdal er prest og prestelærar og har arbeidd mykje med kyrkjemusikk og liturgiske spørsmål. Sidan 2002 har han vore domprost i Molde.

Bjørdal er fødd 24. august 1948 i Ørsta og tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1976. Han var res.kap. i Førde frå 1977, sokneprest i Lilleborg i Oslo frå 1987 og amanuensis/førstelektor i praktisk teologi ved Menighetsfakultetet frå 1991. Med permisjon derifrå var han studierektor ved Liturgisk senter i Trondheim 1997–2000.
 
Særlege interessefelt i Bjørdals teneste har vore liturgi og kyrkjesong. Såleis har han vore leiar både for Norges Kirkesangforbund og Nemnd for gudstenesteliv i Den norske kyrkja. I perioden 1991–2001 var han medredaktør for prestebladet Luthersk Kirketidende.
 
Som domprost har Bjørdal i fleire periodar fungert som biskop i Møre, og før bispeutnemninga i Stavanger i 2009 var han ein av fem nominerte til det embetet. Han har gitt ut mellom anna Engelen ved din side (saman med Olav Skjevesland, 1994) og Helse, liv og mot. Om ritualer og symboler i hverdag og helse (2001).

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013