Hopp til innhold
X
Innhald

Per Borten

Per Borten, politikar. Han var formann i Bondepartiet/Senterpartiet 1955–1967 og statsminister 1965–1971.

Per Borten var fødd 3. april 1913 i Flå i Sør-Trøndelag og døydde 20. januar 2005 i Trondheim. Etter utdanning ved Norges Landbrukshøgskole, der han var ferdig i 1939, var han herradsagronom i Nord-Østerdal fram til 1941. I krigsåra reiste han rundt som forsyningsinspektør i Sør-Trøndelag, og i 1946 vart han fylkesagronom i tekniske fag i heimefylket. I ungdomen var han aktiv idrettsmann og hadde lenge kretsrekorden for Nord-Østerdal i diskos. Han fekk også idrettsmerkestatuetten.
Som politikar gjorde han seg først gjeldande som ordførar i heimekommunen Flå og som formann i fylkestinget. Ved valet i 1949 kom Borten inn på Stortinget. Han steig raskt i gradane i partiet og kom med i sentralstyret i Bondepartiet i 1953. I 1955 vart han formann i partiet, og var sentral då partiet i 1959 skulle skifte namn. Landsmøtet vedtok at partiet skulle heite: «Norsk Folkestyreparti demokratene», men heldigvis for partiet vart ikkje namnet godkjent av Justisdepartementet. Borten sat som formann i partiet fram til 1967. Parlamentarisk leiar for partiet var han frå 1958 til 1973, då med unntak av dei åra han var statsminister.
Då Per Borten sette seg i statsministerstolen den 12. oktober 1964, var det 32 år sidan sist ein bonde hadde vore statsminister. Praktiserande bonde var han i liten grad, men røtene hans var frå bondenæringa og i sjel og sinn var og er han bonde. 
Per Borten tek i mot Dronning Elizabeth i 1969, då dronninga gjesta Borten på heimstaden Ler. Foto: Billetbladet NÅ.
Per Borten tek i mot Dronning Elizabeth i 1969, då dronninga gjesta Borten på heimstaden Ler. Foto: Billetbladet NÅ.
Stortingsvalet i 1965
Lyng-regjeringa i 1963 hadde vore som politisk eit vêrteikn om at det for første gong etter krigen kunne vere mogeleg med ei borgarleg regjering. Per Borten skal ha sin del av æra for den prosessen som skapte det politiske grunnlaget for ei firepartiregjering. I førstninga satsa han på eit sentrumssamarbeid, men innsåg etter kvart at eit fleirtal ikkje ville vere mogeleg utan at også Høgre var med.
Valet 12. og 13. september 1965 vart ein triumf for dei fire partia som i valkampen hadde varsla at dei ville skipe regjering om dei fekk fleirtal. Mest fram gjekk Venstre. Framgang hadde også Høgre og Senterpartiet. Kristeleg Folkeparti derimot tapte to mandat. Arbeidarpartiet tapte seks mandat og gjorde sitt dårlegaste val sidan 1945, og dei fire borgarlege partia hadde eit fleirtal på 10 mandat i høve til Arbeidarpartiet og SF.
Sjå video frå NRK skole om regjeringa Borten:
 
Optimismen var stor, både i dei nye regjeringspartia og ute blant veljarane, men det skulle bli vanskelege forhandlingar om samansetjinga av den nye regjeringa. «En regjeringskrise bak kulissene» kalla John Lyng det kapittelet i memoarane sine som omhandlar forhandlingane om å skipe regjeringa. Det var kamp på kniven, både om talet på statsrådar, kva departement dei fire partia skulle ha og ikkje minst om statsministeren. I så måte var situasjonen endra i høve til 1963. Denne gongen skulle det etablerast ei regjering som skulle sitje lenge.
Borten vart til slutt vald som statsminister ved at eit fleirtal i Høgre-gruppa støtta han. Lyng sjølv gjekk inn for Bent Røiseland, og ein kan sjølvsagt filosofere over om kva som ville ha skjedd med denne regjeringa dersom Røiseland hadde blitt vald. Når ein veit korleis det gjekk, er det vel alt som tyder på regjeringa i alle fall ville ha fått ein verdigare slutt med Røiseland som regjeringssjef.  Ingen ville ha fått det lett i statsministerstolen, og det kom ikkje minst av den lite fleksible måten regjeringa vart sett saman på. Høgre fekk seks statsrådar, mens dei tre andre partia fekk tre kvar. Statsministeren hadde ikkje noko han skulle ha sagt når det galdt kven som skulle sitje i regjeringa. Det var det partia som suverent avgjorde. Venstre prøvde seg på å protestere mot at Kjell Bondevik skulle bli kyrkje- og undervisningsminister, men måtte gi seg. Den radikale fløya i Venstre frykta at Bondevik ville bli for mykje «mørkemann». På det punktet tok Venstre feil. Bondevik vart eit framifrå statsråd som vann respekt også i det kulturradikale miljøet. Fordi partia på ein måte hadde låst samansetjinga av regjeringa og kasta nøkkelen, vart det også uråd for statsministeren å gjere noko utskiftingar undervegs. Det var opp til partia, og dei vakta sine posisjonar som haukar. Det var ein tabbe ved skipinga av denne regjeringa at ein ga regjeringssjefen for lita makt over samansetjinga.
Ein folkeleg politikar
Per Borten vil neppe gå inn i historia som nokon sterk statsminister, men like upopulær som han etter kvart vart i dei tre andre regjeringspartia og i pressa, vart han populær ute blant folk. Det største aktivum han hadde som politikar var at han var så folkeleg. Det vart sagt at han sto grasrota nærare enn nokon annan statsminister i nyare tid. Det var då heller ikkje noko han som statsminister likte betre enn å snakke med folk. Hans godslege og folkelege måte å vere på, gjorde at folk han møtte ikkje kvidde seg for å ta kontakt, og han fekk ei mengd brev frå folk som ba han om hjelp. Når avisene kritiserte han, var det ofte slik at brevbunken med støttande og trøystande brev voks. Han hevda difor - sikkert med rette - at avisene i kritikken sin var i utakt med folkemeininga.
Nokon stor folketalar var han ikkje, men han hadde karisma gjennom sin lett filosofiske og funderande måte å snakke på. Det er sagt at han tenkte høgt frå talarstolen. Tenkte høgt gjorde han ofte også på pressekonferansar, og for ein statsminister er ikkje det lurt. Ofte uttalte han seg også i så runde og omtrentlege vendingar at avisene kunne skrive omtrent kva dei ville, og etterpå kunne Borten halde fram at det var ikkje slik han hadde meint det.
Han likte nok å vere statsminister etter at dei første premierenervane var over, likte å vere i sentrum, men som Guttorm Hansen skriv: «..i sitt vesen var han fremdeles en jovial og hyggelig bygdepolitiker som mest av alt likte å prate med folk som han møtte på sine reiser». Det er knapt noko mindreverdig ved det å vere bygdepolitikar, og Borten var seg sjølv heile tida. Også det blir vanlegvis sett på som ein god eigenskap. Borten var ein gong i selskap heime hos forsvarsminister og skipsreiar Otto Grieg Tidemand, der Forsvarsministeren hadde vore djupt ned i kjellaren og henta fram den finaste konjakken sin. Statsministeren skulle smake først og fekk fylt opp i glaset sitt. Borten gjorde kort prosess med det edle innhaldet. Han tømde det i kaffikoppen og gjorde det heile om til trøndersk «karsk». Kulturkollisjon er vel eit dekkjande omgrep for situasjonen.
Stortingsmannen
Dei personlege eigenskapane til Per Borten passa nok betre i Stortinget enn i statsministerstolen. Han hadde ein heller uryddig arbeidsstil, og politiske og taktiske vurderingar kunne ri han som ei mare og gjere at det tok urimeleg lang tid før han makta å avgjere ei sak. Regjeringsmøta vart regelmessig eit mareritt for mange av statsrådane som var vande med ein strammare møtekultur og ein meir effektiv arbeidsstil. På mange måtar vart han ein framand fugl i regjeringskollegiet. Han klaga alltid over at dei andre regjeringsmedlemene hadde så stort hastverk med å få avgjort sakene. Borten ville ta seg tid. Han ville vege for og imot. Fordi han var usikker om dei store spørsmåla, konsentrerte han seg ofte om detaljane, detaljar som han meinte ville vere viktige for vanlege folk, og som ofte også var det. Lojal var han heller ikkje alltid mot statsrådane sine, og det hende meir enn ein gong at han sat i stortingsrestauranten og fortalde kor usamd han var med den eller den statsråden. Slikt sleit på tilliten.
I Stortinget, i den lange perioden han bygde seg opp til å bli ein av landets fremste politikarar, var det talarstolen som var hans arena. Han hadde politisk teft, og fann lett dei politiske poenga i sakene sjølv om han kjende dei berre overflatisk. Han var trygg og traust og solid på talarstolen. I komiteane derimot var det lite han gjorde. Som Guttorm Hansen nokså sarkastisk skriv i boka «Fra min plass»: «Han hørte ikke til de stortingsrepresentanter som var kjent for sin store arbeidssomhet. Borten likte nok bedre å samtale med de mange besøkende som kom til ham for å legge fram sakene fra bygdene eller med personlige anliggender».
Både i Senterpartiets gruppemøte og i komitemøta var han ofte fråverande. Det at hans fremste motstandar i Sp-gruppa, Jon Leirfall, i dei humoristiske sogebøkene sine kalla han for «Borte-Per», hadde difor dobbel tyding. På talarstolen derimot vart han lytta til og lagt merke til, og ofte kunne han ta opp viktige og prinsipielle sider ved ei sak som andre ikkje hadde tenkt på. Han var også opnare for nye synspunkt og hadde større evne til å lytte på andre enn det som kanskje er vanleg blant toppane i politikken.
«Vaktskifte»
Per Borten grudde seg nok frå først av til å bli statsminister, men godtok valet og sa han skulle gjere jobben så godt han kunne. 10. oktober 1965 var regjeringsforhandlingane ferdig, og 12. oktober var den nye regjeringa utnemnd. Det vart varsla eit systemskifte etter 30 års Ap-styre, og frå Arbeidarpartiet vart det også i valkampen sett fram skremsler om at pensjonistane kunne kome til å misse pensjonen sin og at velferdsstaten ville gå til grunne om Ap tapte makta.
Noko systemskifte vart det ikkje. «Vaktskifte» har John Lyng kalla den første memoarboka si, og det er eit meir dekkjande uttrykk for det som skjedde i 1965. Det var stort sett den same politikken regjeringa Borten førte som den regjeringa Gerhardsen hadde ført. I den praktiske politikken var endringane små, men det skjedde ei utlufting i styringssystemet ved at nye folk med andre preferansar kom inn og sette preget sitt på politikken. For firepartiregjeringa vart det også viktig å vise at det slett ikkje var ei landsulykke at ei borgarleg regjering tok over, slik Arbeidarpartiet hadde hevda. Livet gjekk vidare som før. 
Borten-regjeringa
Dei fire første åra var særs gode arbeidsår for Borten-regjeringa. Mykje kompetanse og parlamentarisk røynsle var samla rundt Kongens bord. Per Borten hadde ikkje noko imot at partia hadde plukka ut så mange trøndarar til statsrådar. I pressa vart regjeringa kalla «Trønderheimen».
Den største saka av alle Borten-regjeringa fekk å bryne seg på dei første fire åra var innføringa av folkepensjonen som kom i 1967. Dette var eit gamalt Venstre-krav, og var også med i regjeringsfråsegna til regjeringa Lyng i 1963, og Arbeidarpartiet hadde det i sitt program før valet i 1965. Då reforma vart vedteken, var det brei semje om hovudprinsippa.
Også innan samferdselssektoren skjedde det mykje, og løyvingane til vegformål vart sterkt auka. Eit nett av småflyplassar vart bygd ut. Innan undervisningssektoren kom distriktshøgskolane, eit forslag som vart lansert av den såkalla Ottosen-komiteen, men gjennomført av regjeringa Borten.
Regjeringa satsa også stort på bustadbygging. Borten tok initiativ til å få utgreidd pressestøtte og ikkje minst gjorde han svært mykje for å få ei opnare forvaltning. Som den første partiformannen fekk han i 1963 opna Senterpartiets landsmøte for pressa, og som statsminister fekk han pressa gjennom lova om offentlegprinsippet i forvaltninga i 1970. Borten røska også opp i dei hemmelege tenestene, og det var hans regjering som sette ned det såkalla Mellbye-utvalet, det første granskingsutvalet for dei hemmelege tenestene. Borten vart kritisert for at han i si statsministertid hevda at det hadde skjedd overvaking på politisk grunnlag her i landet. Lundkommisjonen i 1990-åra viste at han hadde rett.
Borten tok initiativ til at krigsseglarane skulle få ein kompensasjon for det dei ikkje fekk frå Nortraship-fondet etter krigen. Dei attlevande krigsseglarane fekk utbetalt ein sum alt etter kor lenge dei hadde vore ombord under krigen.
Alle desse sakene er døme på Bortens sterke sans for rettferd og demokrati. Ei anna stor sak var den store skatte- og avgiftsreforma, med innføring av moms i staden for omsetningsavgift. Dette vart lagt fram like før valet i 1969. Regjeringa hadde forplikta seg på å gjennomføre denne reforma, mens Arbeidarpartiet kravde at saka først måtte drøftast på generelt grunnlag i Stortinget i form av ei melding. Dette ville medføre at reforma vart utsett. I mai 1969, mens finanskomiteen i Stortinget var i ferd med å avgi innstillinga si om saka, sa Per Borten på ein pressekonferanse noko som kunne tolkast slik at han ikkje ville motsetje seg at reforma vart utsett. Saka vart så teken opp i Stortinget, og der vart Borten pressa til å seie at han for sin del ikkje hadde noko imot at saka vart lagt fram som stortingsmelding først. Dette var ei direkte desavuering av den dugande finansministeren Ole Myrvoll som hadde kjempa saka fram. Han truga då også med å gå av etter denne hendinga, og det reiste seg krav i fleire regjeringsparti om at regjeringa måtte omdannast og få ein ny sjef om ho skulle halde fram etter valet i 1969. Som regjeringssjef og samlande figur vart Borten vesentleg svekka av denne episoden.
Stortingsvalet i 1969
Stortingsvalet i 1969 vart dramatisk. Heile natta veksla fleirtalet mellom Arbeidarpartiet og koalisjonspartia. I to-tida såg det ut til at Bratteli skulle bli statsminister, men ut på morgonkvisten erobra Senterpartiet og KrF tre mandat frå opposisjonen og sikra sigeren. Koalisjonspartia hadde 76 mandat, mens Arbeidarpartiet hadde 74. SF hadde falle ut. Av koalisjonspartia var det Senterpartiet og KrF som vann valet, mens Venstre og Høgre gjekk tilbake. Etter dette resultatet var Sp-statsministeren ikkje til å rokke, og så fastlåste var posisjonane at det heller ikkje var råd å endre fordelinga av statsrådpostar i samsvar med valresultatet. Ap-leiar Trygve Bratteli spådde at regjeringa neppe kom til å overleve ein ny stortingsperiode, og han fekk rett.
EF
Utover i 1970 vart det klart at norsk tilknyting til EF (frå 1967 var EF den offisielle forkortinga av det som tidlegare heitte EEC) på nytt kom til å bli aktuelt. I 1968 hadde ein prøvd å skape eit nordisk økonomisk samarbeid, Nordøk, og det såg ut til at ein skulle lykkast å få i stand ein avtale, men i mars 1970 sa den finske regjeringa nei, m.a. etter påtrykk frå Moskva.
Utover sommaren 1970 vart også regjeringa Borten svekka ved at nokre av dei «tyngste» statsrådane gjekk ut: John Lyng, Kåre Willoch, Helge Seip, Bjarne Lyngstad og Elisabeth Schweigaard Selmer. Per Borten har seinare fortalt at også han hadde vurdert å trekkje seg i 1970, for dermed å få til ein total rekonstruksjon av regjeringa, men det vart med tanken. Mens dette skjedde vart det lagt fram ei ny stortingsmelding om EF, der det vart tilrådd forhandlingar med sikte på medlemskap. Med 132 stemmer mot 17 støtta Stortinget at Norge burde søkje om medlemskap, men utover hausten 1970 kom det stendig tydelegare signal om at Senterpartiet var mot medlemskap. Sju av dei 17 som røysta mot var også frå dette partiet. Dette skjerpa motsetningane innanfor regjeringa. At Arbeidarpartiet køyrde knallhardt og skulda regjeringa for dobbeltspel, gjorde ikkje situasjonen lettare. I utanriksdebatten i november 1970 gjekk Kåre Willoch og Helge Seip, to tidlegare statsrådar som nå var parlamentariske leiarar for kvart sitt regjeringsparti, knallhardt ut mot statsminister Per Borten fordi han var så tvetydig i marknadssaka.
Saka som felte regjeringa
Alle såg at regjeringa var i ferd med å rakne, og at det berre var eit spørsmål om tid før ho måtte gå. Slutten kom i februar 1971. Då sende ambassadør Jahn Halvorsen i Brussel heim ein rapport om ein samtale han hadde hatt med ein fransk medlem av EF-kommisjonen. Då hadde den franske kommisjonæren sagt at det var utenkjeleg for Norge å få varige særordningar for fisk og landbruk. Denne rapporten viste statsminister Borten til Arne Haugestad, leiaren i Folkerørsla mot EEC, på flyet til Nordisk Råd i København. I København fekk også journalist Per Vassbotn i Dagbladet tak i essensen i Halvorsen sin rapport gjennom ein samtale med Bortens presseråd, Ole N. Hoemsnes, og konklusjonen sto på trykk i avisa neste dag. Helge Seip kravde politietterforsking for å finne kjelda. Borten sa ikkje noko om at han hadde vist rapporten til Haugestad, og Vassbotn fortalde ikkje noko om si kjelde før Hoemsnes i 1986 ga ut bok og fortalde at han var kjelda. Det vart etter kvart kjent i avisredaksjonane at Borten hadde vist rapporten til Haugestad, og Borten måtte for å kome avisoppslaga i forkjøpet sende ut ei pressemelding der han vedgjekk å ha vist ein fortruleg rapport til Haugestad. Dei nekta begge for at dei var Dagbladets kjelde, noko som var rett, men i regjeringa vart Borten hudfletta fordi han ikkje hadde fortalt kollegiet om lekkasjen sin. Det var ikkje det faktum at hovudkonklusjonen i den fortrulege rapporten hadde blitt kjent som var det verste, men at Borten hadde halde regjeringa uvitande om at Haugestad hadde fått sjå rapporten. All tillit var borte, og Borten måtte 2. mars gå til Stortinget og varsle regjeringa sin avgang. Så prøvde ein å stable ei ny firepartiregjering saman med Kjell Bondevik som statsminister. Senterpartiet gjekk inn for han, men partiet stilte slike krav til slutt at det var uråd. Bondevik uttrykte at han var «djupt såra og vonbroten over Senterpartiet».
Etter at Arbeidarpartiet under leiing av Trygve Bratteli hadde skipa mindretalsregjering, gjekk Per Borten tilbake til Stortinget. For nei-sida i kampen om EF-medlemskap vart det ein stor styrke at Borten nå vart fristilt til nei-kamp, og han vart ein viktig mann i den kampen. Lekkasjen på flyet til København var sjølvsagt berre ein dråpe, men han fall i eit beger som var fullt frå før. Med seg sjølv visste nok også Borten at EF-saka var så splittande at regjeringa kom til å sprekke.
Per Borten vart sitjande på Stortinget til 1977. Då hadde han vore rikspolitikar i snart 30 år. Den siste tida som statsminister må ha vore svært vanskeleg for Borten. Han vart pressa både frå sitt eige parti og frå dei andre regjeringspartia. Han likte ikkje måten han måtte gå av på, han kjende seg djupt krenkt og meinte han var fallen i ryggen og at det var ein bagatell som vart nytta for å bli kvitt han som statsminister. Som pensjonist gav han tidvis lyd frå seg både når det gjaldt utviklinga i eige parti, og ikkje minst i saker som han brann for.
Videokjelde: "Regjeringen Borten" nrk.no http://nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/438991 [lededato 11.6.13

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 28.02.2012
Sist oppdatert: 03.09.2013