Allkunne.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at vi kan gi deg ei betre brukaroppleving.
Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta til trafikkmåling og til å optimalisere tenesta.
Ved å halde fram med å bruke allkunne.no godkjenner du bruken av informasjonskapslar.
Vil du vite meir, kan du lese om korleis vi bruker informasjonskapslar.
Ragna Breivik, vevkunstnar, var ei sjølvmedviten og kompromisslaus kvinne som brukte uvanlege tekstile teknikkar i den store teppeproduksjonen sin. Møtet med Gerhard Munthe vart avgjerande for utviklinga hennar.
Ragna Breivik var fødd 9. september 1891 i Fana og døydde 10. mars 1965. Før ho var ti år gamal hadde ho lært å veve åkle og bruke plantefargar i garnet. Ho fekk utdanning ved dei kvinnelege industriskulane i Bergen og Oslo og arbeidde på vevstova til Augusta Christensen. 28 år gamal møtte ho Gerhard Munthe, og den nasjonale ånda ho fann i hans kunst, vart retningsgivande for det ho seinare skapte.
Åsmund Frægdagjeva-syklusen til Munthes akvarellar (1925–49) er det fremste verket til Breivik. Det er ei samling på ti store biletteppe, som først lenge etter at kunstnaren var død, fekk sin faste utstillingsplass i Hordamuseet på Stend i Fana. Også Domedag eller Gjallarbrui i Fana kyrkje og Draumkvædet er laga etter Munthes komposisjon. Breivik arbeidde i USA i 1927–32 og stilte då ut mellom anna i Metropolitan Museum. På verdsutstillinga i Rio de Janeiro i 1922 vann ho gullmedalje. Både før og etter Amerika-opphaldet var Breivik tekstillærar ved Bergen Kunsthåndverksskole.
Ragna Breiviks biletvev Draumkvædet, fotografert i Fana kyrkje i 1975. Fotograf: Anna-Margrete Olden. Kjelde: nb.no. Lisens: CC BY.
Kjelder
Åse Enerstvedt: Ragna Breivik. Et liv ved veven. Bergen 1991
Hjørdis Danbolt: «Ragna Breivik», Norsk kunstnerleksikon, bd. 1. Oslo 1982
Magnus Hardeland: «Ragna Breivik og hennar verk», Frå Fjon til Fusa 1966
Først publisert: 12.11.2009
Sist oppdatert: 10.03.2020