Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnar Bjerkreim

Ragnar Bjerkreim, komponist som fekk sitt gjennombrot med musikken til filmane om Kamilla og tyven. Han har sidan komponert musikk for film og fjernsyn og er ein sentral bidragsytar i interesseorganisasjonen NOPA.

Ragnar Bjerkreim er fødd i Bjerkreim 19. april 1958. Han har eksamen i teologi frå Misjonshøgskolen i Stavanger (1977–1983) og fullførte i 1990 hovudfag i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Hovudoppgåva hans derifrå har tittelen «Filmmusikkens funksjon».
Som komponist vart han først kjend for musikken til dei to familiefilmane om Kamilla og tyven (1988 og 1989) og dernest til fjernsynsserien om Thor Heyerdahl, The Kon-Tiki Man. For fjernsynet har han elles skrive introduksjonar til programma Redaksjon 21, Til debatt og Utenriksmagasinet (NRK) og musikk til ulike fjernsynsseriar. Bjerkreim har òg skrive musikk til teater og musikalar.
Musikken hans er tonal og kombinerer gjerne verkemiddel frå fleire sjangrar. I Missa Caritatis, som er eit av hovudverka hans, vert gregoriansk song blanda med gospel, rock, samtidsmusikk og jazz.
I tillegg til den utøvande verksemda har Bjerkreim engasjert seg i det musikalske organisasjonslivet. Frå 2006 til 2008 var han styreleiar for rettshavarselskapet TONO, og frå 2008 til 2014 var han styreleiar i NOPA (Norsk forening for komponister og tekstforfattere). I sistnemnde organisasjon har han særleg engasjert seg i spørsmålet om opphavsrett. I 2014 vart han tildelt æresmedlemskap i organisasjonen. 

Arve Brunvoll har omsett Martin Luthers salme "Fader vår" til nynorsk for første gong, etter førespurnad frå Ivar Aasen-tunet i samband med Luther-jubileet i 2017. Ragnar Bjerkreim har laga musikk til. Kirsten Ragnhild Grimstad syng og Geir Harald Eikrem spelar til. Video: Ivar Aasen-tunet/ Nynorsk kultursentrum.

Kjelder
E-post frå Ragnar Bjerkreim
E-post frå Lill Øyen, adm.leiar i NOPA
Biografi hos MIC Norsk musikkinformasjon, ballade.no, publisert 11.07.2002, http://www.ballade.no/nmi.nsf/micdoc/art2002071112370392791485 [lesedato 23.04.2010]
 
Peikarar

Først publisert: 23.04.2010
Sist oppdatert: 30.11.2017