Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnhild Bjørge

Ragnhild Bjørge, målkvinne og journalist. Ho var prosjektleiar for Aksjon nynorsk data 2000, som var med på å påverke Microsoft til å omsetje dei sentrale dataprogramma sine til nynorsk.

Ragnhild Bjørge er fødd i Oslo 1. juli 1977 og voks opp i Sund kommune. Ho tok allmennfagleg studieretning ved Sotra vidaregåande skule i 1996 og studerte deretter privatrett, offentleg rett og statsvitskap ved Universitetet i Oslo. I 2006 tok ho mastergrad i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, med oppgåva Motstand og oppgjer – målrørsla sitt tilhøve til Nasjonal samling.
 
Våren 2007 var ho praktikant ved Nynorsk mediesenter. Ho har etter det vore knytt til NRK Dagsnytt, som tilkallingsvikar, reporter og programleiar. Frå oktober 2010 er ho fast tilsett i nyhendeavdelinga i NRK.
 
Bjørge har hatt ei rekkje verv i målrørsla. I Norsk Målungdom var ho med i landsstyret 1995–96, i sentralstyret 1996–98 og var skrivar i 1998–99. Ho var varamedlem til styret i Noregs Mållag 2002–03, og i 2005–06 var ho politisk sekretær i Mållaget. Ho var óg styremedlem i Noregs Ungdomslag i fleire periodar 1998–2002.
 
Bjørge var ein av redaktørane for nettstaden www.nynorsk.no, ei side med nyhendesaker om nynorsk, frå 1998 til 2009. I 2010 vart ho av Språkrådet utpeika til å vere med i ei nemnd som i 2011 skal kome med framlegg til revidert rettskriving i nynorsk.

Kjelder
E-post Ragnhild Bjørge 27.10.2010
Nettstaden til Aksjon nynorsk data, sist oppdatert 2000, http://gamal.nynorsk.no/nynorskdata/ [lesedato 01.03.2011]
 
Peikarar

Først publisert: 01.03.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013