Rasmus Breistein var ein norsk filmprodusent og regissør. Han var skodespelar på Det Norske Teatret frå starten i 1913, og med hjelp frå kollegaer derfrå stod han for eit nasjonalt gjennombrot i norsk film med mellom anna folkelivsskildringane Fante-Anne (1920) og Jomfru Trofast (1921).
Breistein meistra også overgangen til lydfilm, og fekk stor suksess med Ungen (1938) etter Oskar Braatens skodespel, og Trysil-Knut (1942) med Alfred Maurstad i tittelrolla. Breistein laga også dokumentarfilmane Jorda rundt på to timer (1948), Tirich Mir til topps (1953) og Mexico, solgudens land (1957).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.