Faktaboks

Reidar Bolling

Reidar Olav Bolling

Fødd
14. november 1902, Nordli
Død
27. september 1976

Reidar Olav Bolling var ein norsk prest og kyrkjehistorikar. Han skreiv fleire verk om lokalhistorie og lokal kyrkjehistorie og gav ut fleire biografiar.

Reidar Bolling tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1924. Han var lærar i Selbu i 1920 og ved Gudbrandsdal folkehøgskule våren 1922. Den første prestestillinga hadde han som residerande kapellan i Øvre Stjørdal frå 1925 til 1928, då han vart sokneprest i Bygland. Frå 1946 til 1971 var han sokneprest i Skogn og konstituert prost i Sør-Innherad prosti 1969–71. Etter at han gjekk av med pensjon, var han busett i Trondheim.

Bolling hadde ein omfattande forfattarskap, i hovudsak på nynorsk. Han skreiv bygdehistoria for Bygland i to band (1938–52) og fleire lokale kyrkjehistoriske framstillingar, til dømes Kyrkjeliv i Bygland (1937) og Kristenliv i Skogn (1950). Størst kyrkjehistorisk verdi har bøkene Biskop Christopher Nyrop (1935) og Kyrkjeliv i Christianssands stift i attande hundreåret (1947). I begge verka nyttar Bolling eit omfattande arkivmateriale frå bispearkivet og frå prestearkiva, og dei gir eit godt innsyn i dansk-norsk kyrkjehistorie på 1700-talet.

Bolling skreiv dessutan fleire biografiar om kjende norske kyrkjemenn, til dømes Bernt Støylen (1951) og Elias Blix (1953). Biografiane nådde ei vid utbreiing. Bolling var redaktør av det biografiske samleverket Norges prester, utgåvene frå 1949 og 1958.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Reidar Bolling (red.): Norges prester og andre teologiske kandidater. Oslo 1949
  • Reidar Bolling (red.): Norges prester og teologiske kandidater. Oslo 1958
  • Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Den norske kirkes presteforening, Oslo 1974
  • Gunnar Rødahl (red.): Årbok for Den norske kirke. Oslo 1977

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg