Hopp til innhold
X
Innhald

Reidar Brendeland

Reidar Brendeland, artist, komponist og tekstforfattar. Han er primus motor i folkrockgruppa Vestlandsfanden, der han som den einaste har vore med heilt sidan starten. Gruppa har hatt fleire store hitar, mellom anna «Plommer i Hardanger».

Brendeland er fødd 19. juni 1951 i Sauda. Etter ein karriere i ulike rockeband stod han i 1970-åra fram som visemusikar. Han song på dialekt og framførte tekstar av den nye generasjonen av sunnhordlandsforfattarar. Hausten 1979 starta Brendeland saman med fleire musikarar frå Haugesund gruppa Vestlandsfanden. Bandet har i alt gitt ut tolv album, det siste i 2005.
 
Musikkstilen til Brendeland og Vestlandsfanden er ei slags rocka utgåve av vestleg spelemanntradisjon, som inneber sterke innslag av akustiske instrument. Av andre norske grupper er Vømmøl Spelemannslag med Hans Rotmo blant dei som ligg nærast i sjanger. Brendeland er ein sceneglad artist, og han har vore med i fleire revygrupper.
 
Visekarriere i 70-åra
Brendeland byrja tidleg med musikk. I 1965 starta han det første bandet sitt, The Circle of the Cryptic Admonishment. Seinare kom Psycho og Meet, og ei tid spela han i dansebandet Bootjacks frå Husnes. Omkring 1970 slo visebølgja for fullt inn over norsk musikkliv, og Brendeland tok til å skrive viser på norsk. Han var med i viseprogrammet «Visekvarten» i NRK, opptredde på Ulvenfestivalen og utvikla etter kvart sin eigen stil med gitar og munnspel. Han samarbeidde med forfattarar som sambygdingen Kjartan Fløgstad, Ingvar Moe, Ragnar Hovland, Gunnar Roalkvam, Rune Belsvik og Einar Økland. Saman med Atle Hansen drog han på turnear og opptredde på ulike vise- og jazzklubbar.
 
Suksessen med Vestlandsfanden
Med gruppa Vestlandsfanden fekk Brendeland si eiga musikalske plattform. Instrumenta dei brukte, var fele, akustiske gitarar, mandolin, mandola, bouzouki, munnspel og tverrfløyte. Bandet henta musikalsk inspirasjon både frå visebølgja og irsk, skotsk og nordisk folkemusikk. I 1982 kom det første albumet, «Vestlandsfanden», med tekstar av mellom anna Fløgstad. Plata fekk gode kritikkar.
 
Vestlandsfanden har hatt eit utal speleoppdrag land og strand rundt. Dei har opptredd ei rekkje gonger på fjernsyn, har vore mykje spela i radio og har vunne fleire topplasseringar på hitlista Norsktoppen. Ein av dei mest kjende songane deira er «Plommer i Hardanger», som også er tittelen på det tiande albumet, frå 1999. Nokre av tekstane inneheld samfunnskritikk, til dømes CD-singelen «Gardermobanen» (1998), som var ei protestvise mot utbygginga av storflyplassen og handsaminga av folket på Romerike.
 
Stort kontaktnett
Mange musikarar har spela i Vestlandsfanden, men berre Brendeland har vore med heile tida utan avbrot og har sikra kontinuiteten. Med det store nettverket sitt i det norske musikkmiljøet har han hjelpt fram fleire yngre, flinke musikarar. I 1987 var til dømes Bjørn Eidsvåg, sambygding frå Sauda, innom som gjestevokalist i Vestlandsfanden. I 2008 utgjorde Øystein Boge, Ivar Woxmyhr og Tor Lindberg dei andre musikarane i gruppa. I 2011 er det Ivar Woxmyhr, Andreas Berg, Henrik Hilmersen og Thomas Dulsrud som er med i Vestlandsfanden saman med Brendeland.
 
Tekstforfattar og revyartist
Parallelt med at Brendeland har drive Vestlandsfanden, har han arbeidd som tekstforfattar for ei rekkje andre artistar. Både Olav Stedje, 3 Busserulls, Hanne Krogh, Ivar Medaas og Wenche Myhre høyrer til blant dei som har framført tekstane hans. Brendeland var sjølv med i crazykomediegruppa 3 Busserulls frå 1985 til 1987, og dei gav ut fleire album i denne tida. Tidleg i 1990-åra var han med som gjesteartist hos Sauda revy- og teaterlag saman med Bjørn Eidsvåg.
 
Profesjonell musikkorganisator
I 1990 starta Brendeland firmaet Brød & Sirkus AS, som driv med management, artistformidling, turnétransport, radioreklame og utleige av lydutstyr. Han har òg engasjert seg i ulike bransjeorganisasjonar gjennom tillitsverv som sekretær i NOPA (Norsk forening for komponister og tekstforfattere) og i Tekstforfatterfondet.
 
Peikarar

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 22.05.2013