Hopp til innhold
X
Innhald

Reidun Åslid Bjørlykke

Reidun Åslid Bjørlykke, høgskuledosent i musikk, didaktikar som har vore med på å utvikle musikk som opplevingsfag og opplæringsform i barnehage og skule.

Reidun Åslid Bjørlykke er fødd 19. februar 1946 i Volda i Møre og Romsdal. Etter examen artium ved Volda gymnas i 1966 og lærarskuleeksamen same staden i 1968 byrja ho ved lærarhøgskulen i Trondheim. Der tok ho hovudfag i engelsk språkhistorie i 1977, med mellomfag i musikk. i 1979 vart ho tilsett som musikklærar ved Volda lærarhøgskule. Ho har òg praktisert som musikklærar i barnehage. Frå 1999 til 2013 var ho høgskulelektor og i 2013–14 dosent i musikk ved Høgskulen i Volda.

Åslid Bjørlykke har kombinert teoretisk musikkunnskap med praktisk musikkopplæring for pedagogar i barnehage, skule og lærarutdanning. I læreboka Musikk på tvers drøftar ho omlegginga av musikkfaget etter at det vart innført skulestart for seksåringar. Dei nye læreplanane gjorde det nødvendig med vidareutdanning av lærarar, og i 1995–99 var Åslid Bjørlykke med på å byggje opp fjernundervisningstilbod i musikkpedagogikk. Ved Høgskulen i Volda var ho ein av pådrivarane for å opprette eit bachelorstudium i musikk i 2003, og ho var koordinator for studiet fram til 2009.

Åslid Bjørlykke har vore med i forskingsprosjekt i barnehage og skule om musikken sin verdi for andre fag. Ho har studert samanhengen mellom musikk og estetiske fag, musikk og språk og musikk og matematikk. Ho var medforfattar av artikkelen «Å rekne i musikk» (2009) og publiserte eit forskingsarbeid om musikk og språk i 2012.

Kjelder

Reidun Åslid Bjørlykke: Musikk på tvers. Oslo 1999

Reidun Åslid Bjørlykke: «Komponering til forteljing»: http://www.nynorsksenteret.no/img/nsfno/Komponering.pdf [lesedato 4.2.2015]

Peikarar

Reidun Åslid Bjørlykke: Læring i og gjennom kunstfag med fokus på musikk og språk. Didaktikk for barnehage og grunnskule. Høgskulen i Volda, Rapport 30–2012

Først publisert: 07.08.2015
Sist oppdatert: 07.08.2015