Hopp til innhold
X
Innhald

Robert Bly

Robert Elwood Bly, norskætta amerikansk poet og omsetjar som har gjort fleire norske forfattarar tilgjengelege på engelsk. Han har også markert seg som krigsmotstandar og sterk talsperson for mannsrolla.

Robert Bly er fødd 23. desember 1926 i Madison i Minnesota, USA. Foreldra var frå Bleie i Hardanger. Etter high school i 1944 tenestegjorde han to år i den amerikanske marinen, før han byrja på St. Olaf College i Minnesota i 1946. Året etter gjekk han over til Harvard University. Etter avgangseksamen der budde han fire år i New York, før han i 1954 til 1956 var student i kreativ skriving ved universitetet i Iowa.

Bly debuterte med diktsamlinga Silence in the Snowy Fields i 1962 og har gjennom åra gitt ut eller har vore bidragsytar i meir enn 40 diktsamlingar og antologiar, gjendiktingar inkludert. Han var politisk aktivist under vietnamkrigen og var med på å stifte American Writers Against the Vietnam War. Seinare har han engasjert seg i kampen for mannsrolla, mest av alt med boka Iron John. A Book About Men i 1990. Ho kom i norsk utgåve som Mannen i 1992. Bly blir av mange rekna som opphavsmannen til mannsrørsla, som tok mål av seg å gjenreise den sterke og maskuline mannen og farsfiguren etter at kjønnspolitikken i 1970-åra førte til eit mjukare mannsideal.

I 1950-åra var Bly i Noreg som stipendiat for å omsetje norsk litteratur til engelsk. Her kom han over forfattarar som Knut Hamsun, Rolf Jacobsen og Olav H. Hauge. Bly ætta frå Hardanger, og då han reiste dit, gjesta han Hauge i Ulvik. Med åra utvikla dei to eit godt vennskap. Bly stifta også kjennskap med andre som fekk stor innverknad på forfattarskapen hans, mellom dei poeten Tomas Tranströmer. Bly er den viktigaste gjendiktaren av den svenske nobelprisvinnaren til engelsk. Den årelange brevvekslinga mellom Bly og Tranströmer kom i 2001 ut i bokform på svensk, med tittelen Air Mail. Brev 1964–1990 (norsk utgåve i 2013).

Samlinga The Light Around the Body frå 1968 fekk tildelt den høgthengande prisen National Book Award. I 1994 fekk Bly Diktartavla, ein pris som kvart år går til ein markant norskspråkleg lyrikar. For innsatsen for skandinavisk litteratur fekk Bly i 2008 både Tomas Tranströmerprisen og Amboltprisen. Den siste blir delt ut av Venelaget Olav H. Hauge.

Kjelder

Knut Olav Åmås: Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge. Oslo 2004

Encyclopedia Britannica: «Robert Bly», global.britannica.com, sist oppdatert 26.04.2103: https://global.britannica.com/biography/Robert-Bly [lesedato 13.4.2017]

Poetry Foundation: «Robert Bly», poetryfoundation.org: https://www.poetryfoundation.org/poems-and-poets/poets/detail/robert-bly [lesedato 11.4.2017]

Peikarar

Ingrid Gjersvik: «Mannsbevegelsens far», Morgenbladet 15.9.1995 

«Å liggja lågt», Helge Torvund om Robert Bly i Dagbladet 23.10.2007 

Først publisert: 11.05.2017
Sist oppdatert: 11.05.2017