Hopp til innhold
X
Innhald

Robert Boyle

Robert Boyle, 1627–91, engelsk naturfilosof og kjemikar. Boyle gjorde viktige oppdagingar innanfor eksperimentell kjemi, og han er mest kjend for å ha oppdaga den lovmessigheita som i dag blir kalla Boyles lov. Lova, som gjeld for ein idealgass, seier at for ei gassmengd ved konstant temperatur er produktet av trykk og volum i gassen, dividert med talet på mol, lik ein konstant.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011