Hopp til innhold
X
Innhald

Rolv Mikkel Blakar

Rolv Mikkel Blakar, professor i sosialpsykologi ved Universitetet i Oslo. Han set forholdet mellom språk og makt i sentrum og kjempar for å styrkje posisjonen til nynorsken og for å bevare norsk språk generelt.

Rolv Mikkel Blakar er fødd i Lom i Oppland 20. september 1944. Han er utdanna cand.psychol. ved Universitetet i Oslo i 1970, med hovudfagsoppgåva Konteksteffektar i språkleg kommunikasjon. I 1971 vart han NAVF-stipendiat og frå 1974 vitskapleg assistent ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, dosent frå 1976 og professor i sosialpsykologi same staden frå 1989.
I 1973 gav han ut den første boka si, Språk er makt, som har kome i fleire opplag gjennom meir enn tretti år. Blakar har publisert artiklar i ulike fagtidsskrift, i dagspressa og i Syn og Segn, og han har vore medforfattar og medredaktør i ulike verk. Eit distinkt, nynorsk fagspråk er Blakar sitt kjennemerke. Han skriv delar av produksjonen på engelsk.
Våren 1969 var Blakar nestleiar i det målpolitiske utvalet i Studentmållaget i Oslo, og om hausten same året var han leiar. Han har engasjert seg i forskingspolitiske spørsmål og har hatt fleire verv ved Universitetet i Oslo – instituttstyrar ved Psykologisk institutt i tre periodar, dekan for Samfunnsvitskapleg fakultet i 1987–90, medlem av Det akademiske kollegium i to periodar og prorektor ved Universitetet i Oslo i 1999–2001.

Språk, makt, kontekst
Språkpsykologen Ragnar Rommetveit, filosofane Ludwig Wittgenstein og Herbert Marcuse og språksosiologen Basil Bernstein er viktige inspirasjonskjelder. Språk må studerast i sosial kontekst og i kommunikasjonsperspektiv. Blakar undersøkjer ofte meiningsinnhaldet i daglegspråket. Han finn at ulike utsegner og ordforråd kan vere diskriminerande, som når omgrepet nordmann vantar eit tilsvarande nordkvinne, vaskekone ikkje har nokon motpart til eit ditto omgrep vaskemann osv. Slik kan språket verke forsterkande på kjønnsundertrykking og fordommar.
Strategi i målstrid 
Som ein av representantane for Studentmållaget i Oslo kom Blakar i 1968 med i arbeidsutvalet for aksjonsnemnda for lokalisering av dei nye distriktshøgskulane, og han kjempa for at dei skulle etablerast i bygdemiljø. Idear til «Strategi i målstrid» publiserte han i Mål og Makt (1972) under tittelen «Det voldtatte fjøsspråket», seinare inkludert i kapitlet «Språkleg undertrykking eller undertrykking av språk» i Språk er makt. Han går til felts mot stereotype oppfatningar om nynorsken si rolle i samfunnet.
Kontakt og konflikt
I 1978 kom boka Kontakt og konflikt. Her utvidar Blakar feltet frå Språk er makt og inkluderer ein artikkel om forholdet mellom psykopatologi og kommunikasjon. Han gir ei kritisk vurdering av den verdskjende, men etterkvart kontroversielle Gregory Bateson sin teori om utvikling av schizofreni som resultat av negativ kommunikasjon i familien.
I Kontakt og konflikt presenterer Blakar i samarbeid med Hilde Eileen Nafstad ein omfattande artikkel om det den gongen nye forskingsfeltet barnespråk og sosial klasse. Dei er influerte av Bernstein, som særleg er kjend for forsking på britisk klassespråk.
Synleg i det offentlege rommet 
I 2002 starta Blakar og Nafstad eit ideologiprosjekt ved Universitetet i Oslo som har vekt interesse internasjonalt. Det har mellom anna resultert i det tverrfaglege arbeidet Fellesskap og individualisme (2009), der dei to er redaktørar og bidragsytarar.
Blakar har utmerkt seg som forskar, forskingspolitikar og debattant og har gjort seg synleg i det offentlege rommet. At språk er makt, har vorte ei allmenn oppfatning, og mange av ideane hans har nådd fram til politikarar og andre samfunnsaktørar.
Kjelder
Olaf Almenningen ofl.: Studentar i målstrid. Oslo 2003
Gregory Bateson: Steps to an Ecology of Mind. New York 1972
Rolv Mikkel Blakar: Språk er makt. Oslo 1973
Rolv Mikkel Blakar: Kontakt og konflikt. Språk og kommunikasjon i familie og samfunn. Oslo 1978
Rolv Mikkel Blakar: «Språk som makt og kvinneundertrykking. Språksosiologi som motefag», i Jo Kleiven (red.): Språk og samfunn. Bidrag til en norsk sosiolingvistikk. Oslo 1979
Rolv Mikkel Blakar: «Norsk er eit språk under aukande press», kronikk i Aftenposten 17.6.2004
Ottar Grepstad: Det nynorske blikket. Oslo 2002
Jo Kleiven (red.): Språk og samfunn. Bidrag til en norsk sosiolingvistikk. Oslo 1979
Bengt Loman: Barnspråk i klassamhälle. Lund 1974
Ludwig Wittgenstein: Filosofiske undersøkelser, omsett av Mikkel B. Tin. Oslo 1997 (originaltittel: Philosophische Untersuchungen, utgitt posthumt første gong i 1953)
«Vi støtter Norum og Blakar», opprop i Uniforum nr. 11, 1998
Rolv Mikkel Blakar: «Norsk er eit språk under aukande press», kronikk i Aftenposten: http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article811161.ece [lesedato 5.6.2011]
Oddmund L. Hoel: Studentmållaget 110 år. SmiO-soga på 30 minutt (6.9.2010): http://www.krundalen.no/artiklar/2010-innl-jubsem-smio.pdf [lesedato 5.6.2011]
Ole-Jacob Madsen: «Ledig introduksjon til Ideologiprosjektet», Tidsskrift for Norsk Psykologforening, Vol 47, nr. 2, 2010: http://www.psykologtidsskriftet.no/index.php?seks_id=105738&a=4 [lesedato 7.6.2011]
Peikarar

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 22.09.2017