Hopp til innhold
X
Innhald

Rudolf Broby-Johansen

Rudolf Broby-Johansen, 1900–87, var dansk forfattar og kunstskribent.

Broby-Johansen debuterte i 1922 med diktsamlinga Blod, som vart beslaglagd omgåande. Gjennom foredrag og bøker gjorde han mykje for å gjere kunsthistoria forståeleg for folk flest i Norden. Av dei mange bøkene hans er Hverdagskunst–verdenskunst (1942) og Kropp og klær (1953) dei mest kjende.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.09.2016
Sist oppdatert: 23.09.2016