Faktaboks

Rune Belsvik

Rune Johan Belsvik

Fødd
14. april 1956, Haugesund
Rune Belsvik
.
Lisens: CC BY ND 2.0

Rune Belsvik er ein norsk forfattar. Han har vore ein framståande figur i norsk barne- og ungdomslitteratur i meir enn 30 år og har skrive ei rekkje barne- og ungdomsbøker, romanar, noveller, dikt, forteljingar og skodespel, mellom anna bøkene om Dustefjerten og Verdas mest forelska par.

Stil

Belsvik skriv for det meste realistisk, men han har òg postmoderne og fantastiske innslag. Forteljaren er ofte med i sjølve forteljinga, det har nesten blitt eit varemerke for Belsvik. Han bestemmer over forholdet mellom fiksjon og røyndom, og gjer lesaren merksam på det.

Bakgrunn

Belsvik er fødd i Haugesund, oppvaksen på Stord og busett i Kristiansand. Han er utdanna hjelpepleiarDikemark i Asker på slutten av 1970-talet, har arbeidd på Valen sjukehus i Kvinnherad (1981–1983) og blei forfattar på heiltid frå 1983.

Barne- og ungdomslitteratur

Belsvik debuterte i 1979 med ungdomsromanen Ingen drittunge lenger, som han fekk Nynorsk barnelitteraturpris for. Foreldre protesterte då boka gjekk som opplesingsserie i «Tid for bok» i NRK. Han skriv om gutars seksualitet i fire ungdomsbøker om Arne Bu (1988–2000), og han har skrive seks bøker om Dustefjerten (1991–2003). Desse har dyre- og fantasivesen i hovudrolla.

Forteljingane frå Bløygen om Verdas mest forelska par (2001) og Tøddel Blisterpytt (2005) er humoristiske, men og melankolske. Tjuven (2008), der Belsvik skriv om små barns seksualitet, vakte merksemd. Belsvik utforskar forelsking og kjærleik gjennom heile forfattarskapen sin og står for ei nyorientering i norsk barnelitteratur. Forteljingar om Jolver kom i 2009.

Bøkene om Arne Bu

Belsvik skildrar forelsking og erotikk i bøkene om Arne Bu, og det er guten si oppleving av dei første røynslene med kjærleiken som er i sentrum. Tenåringen Arne er hovudperson i Alle dei fine jentene (1988), Kjærleiken er eit filmtriks (1992), På nippet (1995) og Ein naken gut (2000).

Bøkene til Belsvik avvik frå tradisjonelle realistiske ungdomsbøker. Hovudpersonen går gjennom kriser, snublar, men kjem fram til ein ståstad og ein identitet. Der er ei spenning mellom harmoni og desillusjon, kjærleiken går oftast i knas, og Belsvik skriv om erotikk og kjærleik på ein direkte måte.

For Kjærleiken er eit filmtriks (1992) fekk han Nynorsk barnelitteraturpris.

Dustefjerten

Med sine seks kritikarroste bøker om Dustefjerten (1991–2003) fornya Belsvik småbarnslitteraturen i Noreg. Bøkene har dyre- og fantasivesen i hovudrolla i det vesle landet ved bekken, og bøkene er morosame og originale forteljingar både barn og vaksne kan ha glede av. Figurane Dustefjerten, Bollefisen, Andungen og Kavringreven framstår som typar og ei blanding av dyr og menneske med røter i eventyrtradisjonen.

Belsvik fekk oppdrag frå Barnetimen om å lage radioforteljingar, som blei til Dustefjerten. Han les historiene sine svært godt og særmerkt, og historiene er og gitt ut som lydbøker der forfattaren sjølv les. Det er laga ein barneopera (2006) basert på bøkene der Belsvik hadde hand om librettoen. Gjert Werring laga i 1996 dokketeater av Dustefjerten og den store marsipanfesten (1994). I 1996 fekk han Kritikarprisen for Dustefjerten og den store vårdagen.

Livet i Bløygen

Belsvik har ei leiken tilnærming til kjærleiken i Verdas mest forelska par (2001) om Bidger og Esmiluni som er så forelska at dei blir melde på i verdsmeisterskapen i pludring og romantikk, som er eit direkte overført realityprogram. Målet er å gjere den vesle karikerte, harmoniske og ukompliserte bygdekommunen Bløygen med 11 namngitte innbyggjarar kjend, slik at turistar skal kome til staden. Kjærleiken er skjør, og Belsvik skildrar han med overdrivingar, humor, varme, ironi og klisjear. Boka blei først send som radioforteljing i Barnetimen i NRK. I 2001 fekk Belsvik Kritikarprisen for boka.

I Verdas mest forelska par og Tøddel Blisterpytt (2005) er det mange parallellar til Dustefjerten-bøkene, men figurane er personar som bidreg til å gi staden identitet. Tøddel Blisterpytt tilhøyrer avisbodet og er eit kosedyr med gult nebb som eigentleg heiter Laudermann. Belsvik bruker ein underleggjeringsteknikk i namngivinga som er med på å gi staden karakter: Bøttefanten i Trøbbelkiosken, Bjørn Disel på bensinstasjonen og fiskaren Fiskeguri.

Styrken i boka er at lesaren følgjer karakterane i samtalar og møte som blir underhaldande skildra med varme og glød, og innbyggjarane søkjer nærleik, kontakt og nokon å bry seg om, utan at dei klarer å seie det rett ut.

Bøker for vaksne

Han har og skrive bøker for vaksne, mellom anna novellesamlinga Sirkushestar og kaniner (1985), skodespela Stryk meg, stryk meg (1993), Over Kvåsen (2004) romanane Guten sin (1989), Utslett (1994), Kommoden (2007), Ho som var så søt (2012) og Ein heilt vanlig fyr (2013). Skodespelet Over Kvåsen (2004) blei sett opp på Agder teater (no Kilden Teater).

Adaptasjonar

Sommarjubel (1983) blei filmatisert i 1985 av Alexander Røsler, og likeins to av novellene frå Guten som blir borte (1986), ei av Berit Nesheim i 1987 og ei av Knut Jorfald. Fleire av bøkene hans er overførte til scenen.

Utmerkingar

Belsvik har motteke ei rekkje litterære prisar, mellom anna Nynorsk barnebokpris (1979 og 1992), Melsomprisen og Cappelen-prisen (1984), Kulturdepartementet sin litteraturpris (1988, 1994 og 2004), Sunnmørsprisen (1993), Brageprisen (2000), Kritikarprisen (1996 og 2001) Teskjekjerringprisen (2007) og Falturiltuprisen (2008).

Belsvik var festspeldiktar for Dei Nynorske Festspela i 2000 og har motteke ei lang rekkje litterære prisar, mellom andre Brageprisen og Nynorsk litteraturpris i 2000 for Ein naken gut og Diktartavla i 2001. Fleire av bøkene hans er omsette til andre språk.

Utgivingar

  • Fuglegutten (barnebok, Samlaget, 2019)
  • Kjendisen (barnebok, Cappelen Damm, 2015)
  • Verdas søtaste turist (roman, Cappelen Damm, 2014)
  • Ein heilt vanleg fyr (roman, Cappelen Damm, 2013)
  • Ho som var så søt (roman, Cappelen Damm, 2012)
  • Forteljingar om Jolver (barnebok, Cappelen Damm, 2009)
  • Tjuven (barnebok, Cappelen Damm, 2008)
  • Kommoden (roman, Cappelen, 2007)
  • Ein naken gut (roman, Samlaget, 2006)
  • Ein naken gut (ungdomsbok, Samlaget, 2006)
  • Tøddel Blisterpytt (barnebok, Cappelen, 2005)
  • Over kvåsen (dramatikk, Cappelen, 2004)
  • Dustefjerten og den store sommarferieturen (barnebok, Cappelen, 2003)
  • Verdas mest forelska par (barnebok, Cappelen, 2001)
  • Den store stilige Dustefjertboka (barnebok, Cappelen, 2000)
  • Tønder (dramatikk, Cappelen, 1998)
  • Eg kjem no, sa kjærasten min (barnebok, Lydbokforlaget, 1998)
  • Bak ryggen til Margrethe (ungdomsbok, Cappelen, 1997)
  • Dustefjerten og den store vårdagen (barnebok, Cappelen, 1996)
  • På nippet (ungdomsbok, Samlaget, 1995)
  • Mellom deg og meg (medforfatter, ungdomsbok, IKO-forlaget, 1995)
  • Dustefjerten og den store marsipanfesten (barnebok, Cappelen, 1994)
  • Utslett (roman, Cappelen, 1994)
  • Dustefjerten og den store gullfiskjakta (barnebok, Cappelen, 1993)
  • Stryk meg, stryk meg (dramatikk, 1993)
  • Dustefjerten og det store bekketeateret (barnebok, Cappelen, 1992)
  • Kjærleiken er eit filmtriks (ungdomsbok, Samlaget, 1992)
  • Dustefjerten (barnebok, Cappelen, 1991)
  • Rosene i utlandet (roman, Cappelen, 1990)
  • Eit hus fullt av mørker (ungdomsbok, Cappelen, 1990)
  • Guten sin (roman, Cappelen, 1989)
  • Kråkejakt (barnebok, Cappelen, 1989)
  • Så susar vi rundt på ei stjerne (dramatikk, 1989)
  • Alle dei fine jentene (ungdomsbok, Samlaget, 1988)
  • Erling Andersen og halve kongeriket (dramatikk, 1988)
  • Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine (barnebok, Samlaget, 1987)
  • Så lenge det er egg er det håp (barnebok, Cappelen, 1987)
  • Guten som blir borte (barnebok, Cappelen, 1986)
  • Gummelum (dramatikk, 1985)
  • Sirkushestar og kaniner (noveller, Cappelen, 1985)
  • Hærverk (dramatikk, 1984)
  • Tjo-hei (barnebok, Samlaget, 1984)
  • Sommar-jubel (barnebok, Cappelen, 1983)
  • Allslags dagar (barnebok, Cappelen, 1982)
  • Forteljingane mine (barnebok, Aschehoug, 1981)
  • Kram snø (ungdomsbok, Cappelen, 1981)
  • Ingen drittunge lenger (ungdomsbok, Aschehoug, 1979)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 2. utg., 2005, isbn 82-521-4381-4
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998, isbn 82-02-15478-2
  • Slettan, Svein: «Mellom lys og mørke : ironi og poesi i Rune Belsviks bøker om Arne Bu» i Syn og segn 103, nr. 2 (1997), 159-70
  • Svensen, Åsfrid: «Å hakke seg ut av egget og møte en større verden: kompleksitet i barnebøker» i Årboka Litteratur for barn og unge 2000, 28-39

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg