Hopp til innhold
X
Innhald

Saul Bellow

Saul Bellow [belou], 1915–2005, var amerikansk forfattar.

Han var utdanna som antropolog. Bellow skreiv mellom anna romanane Seize the Day (1956), Herzog (1964) og Humboldt’s Gift (1975). Han gav dessutan ut reiseboka To Jerusalem and Back (1976) og noveller og skodespel. Bellow gav subtile analysar av amerikansk etterkrigskultur. Han vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 1976.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.02.2017
Sist oppdatert: 21.02.2017