Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Sissel Solbjørg Bjugn

Sissel Solbjørg Bjugn, forfattar av skjønnlitteratur for barn og vaksne. Nokre av bøkene har ho sjølv illustrert.

Bjugn var fødd på Setermoen i Troms 28. oktober 1947 og døydde 14. juli 2011. Ho voks opp på Rygge og i Oslo. Frå 1972 studerte ho filosofi ved Universitetet i Tromsø, og arbeidde ei tid i fiskeindustrien i Båtsfjord i Finnmark.

I 1978 kom debutboka, som ho sjølv har kalla ein montasje, med tittelen Den første avisa på Lofotveggen og andre tekstar. Metoden ho bruker i dette arbeidet, er ei samankopling av teikningar, sitat og eigne tekstar. Året etter følgde barneboka Stille etter elleve i Bokheimen. Sidan har ho skrive fleire diktsamlingar, forteljingar og barnebøker, og ho er representert i ulike antologiar.

Alt tidleg i forfattarskapen fekk ho fleire prisar: Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1979, Noregs Mållags barnebokpris i 1985, Blixprisen i 1989, Brageprisen i 1992 og Melsomprisen i 1993.

Protest

Då Bjugn debuterte, var resultat av ny kvinneforsking viktig i samfunnsdebatten. Ho høyrer heime i sekstiåttargenerasjonen, som mellom anna sette spørsmål om tradisjonelle kjønnsroller i fokus, og forholdet mellom makt og avmakt, manns- og kvinnespråk. Bjugns tekstar er prega av slike spørsmål.

Stundom kan ho nytte eit provoserande ordval og obskøne uttrykk eller vere ironisk. Ho vil bryte ned gamle tabu og fordommar og ufarleggjere sexistisk språkbruk.

Skrifta på (Lofot)veggen

Mange av Bjugns bøker er forankra i eit nordnorsk univers. Ho kan vise oss glimt av røynda i eit nordnorsk perspektiv med klasseforskjellar og regionale problem i ei moderne tid, men er ikkje idylliserande og nostalgisk. Det vrimlar av engelske ord og uttrykk, produktnamn, titlar frå popmusikken og anna som gjer at lesaren veit kva tidsepoke ho skriv om.

Bjugn flyttar tidvis personane sine til urbane miljø, ho er ikkje berre oppteken av aktuelle problem på heimebane. I tekstane hennar, som har mange lag med meining, finst det ei mengd allusjonar og undertekstar frå eldre litteratur, Bibelen og filosofi. I Bjugns tekstar er det store spenn i tid og rom.

I diktsamlinga Tornekysset (1992) inviterer ho intellektuelle og skapande kvinner inn i tekstane sine, frå den første kjende kvinnelege forfattaren Sapfo til den surrealistiske biletkunstnaren Frida Kahlo som «måla alle menn i senk!». Nokre av tekstane dediserer ho til norske kvinnelege forfattarar; eit døme er kortteksten om «superkatolikken» og «superforfattaren» Fru Undset, som er tileigna Vigdis Hjorth.

«Kahlo»
Self-portrait
with Thorn Neclace
and Humming-Bird, 1940


Kahlo. Halvt jødinne. Kommunist. Surrealist.
Sjølvportrett med halskjede av tornekvist?
Frå tyske Ernst til belgiske Magritte. Tenk
meksikanske Kahlo måla alle menn i senk!

Diktet «Kahlo» av Sissel Solbjørg Bjugn: Tornekysset. Det Norske Samlaget 1992. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Bjugn hadde eit medvite forhold til den kvinnehistoriske og kvinnelitterære tradisjonen, men viste vørdnad for mannlege kollegaer. «Da eg ville bli diktinne datt eg for alt som heitte diktar», skriv ho i Tornekysset, med ymt om kven ho har i tankane.

Dessutan kunne ho påkalle jomfru Maria og andre katolske helgenar. Bjugn, som sjølv konverterte til katolisismen, stilte intrikate spørsmål ved patriarkatet i og utanfor den katolske kyrkja.

Bjugn har også tangert religiøse spørsmål i nokre av barnebøkene, men driv ikkje misjonering. I Ola trudde først (1994) skriv ho med sin spesielle montasjemetode mellom anna om gjenreisinga av Bodø kyrkje etter krigen. I Brynhilds (2002) endar den vesle barneboka med ein bibelallusjon, noko ho gjer merksam på fremst i boka.

Happening i bokheimen

Bjugn var eit leikande, men samstundes djupt alvorleg menneske. Ho gjekk til åtak på autoritetane, som når ho sjølvironisk samanlikna seg med Karl Marx eller leika med ideen om kvinneleg pave. Ho braut med vande konvensjonar og oppfatningar. Bjugn la mykje vekt på det visuelle uttrykket, eksperimenterte med typografi som verkemiddel eller strødde om seg med ordspel og underfundige kommentarar. Nokre av collagetekstane kan framstå som ein happening, ei postmodernistisk reise i tid og rom. Ho viser vegen inn i ei fascinerande verd av kunst, filosofi og skjønnlitteratur.

Kjelder

Sissel Solbjørg Bjugn: Tornekysset. Oslo 1992

Inger Lise Breivik ofl.: Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980

Irene Engelstad ofl.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 3. Oslo 1990

Ingrid Nymoen: «Sissel Solbjørg Bjugns forfattarskap», i  Norsk litterær årbok. Oslo 1994

Øystein Rottem: «Pop-art og proletkunst: Sissel Solbjørg Bjugn», Norges litteraturhistorie, bd. 8. Oslo 1998

Einar Økland, Brit Bildøen og Gunnhils Øyehaug: «Helsingar til Sissel Solbjørg Bjugn i høve 60-årsdagen», Syn og Segn nr. 4/2007

Tor Eystein Øverås: «Litt om film og meir om ein tur til Levanger», Syn og Segn nr. 4/2007

Peikarar

Bibliografi i Bibsys

Digitaliserte bøker av Sissel Solbjørg Bjugn på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 16.08.2011
Sist oppdatert: 22.11.2018