Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Bygd

Sjur Bygd var forfattar, gardbrukar, lokalpolitikar og bankmann. Bøkene hans er fine og djuptloddande skildringar av bygdesamfunn i ei brytingstid.

Sjur Bygd var fødd på Vossestrand 28. april 1889 og døydde på Voss 29. oktober 1985. Den einaste skulegangen hans utover grunnskulen var to år på Voss folkehøgskule (1906–07 og 1910–11). Her vart han, som så mange andre, påverka av styraren ved skulen, Lars Eskeland. I 1915 debuterte han som forfattar med novellesamlinga Fjell-folk, og fram til 1925 kom det tre bøker til, to romanar og ei novellesamling.

Hausten 1925 vart Bygd vald til ordførar i heimkommunen Vossestrand, og dette vervet hadde han i tre periodar, fram til 1934. Frå 1931 dreiv han farsgarden i tjue år, og han arbeidde òg som bankkasserar i Vossestrand sparebank frå 1935 til 1959. Alt dette gav han lite tid til å skrive bøker, slik at frå 1925 gjekk det 24 år til den neste boka kom ut. Frå 1949 kom det tre romanar, før forfattarskapen vart avslutta med novellesamlinga Mannen og natta (1970).

Alt han skriv, går føre seg i eit landskap som minner om Myrkdalen, der Bygd budde heile livet. Tre av romanane hans, trilogien Holmgang (1917), Valplassen (1921) og I hamskifte (1949) skildrar ei overgangstid i den oppdikta Dimdalen, med nabokranglar og store endringar i levemåtar. Bøkene er likevel langt meir enn bygdeskildringar. Dei inneheld svært gode personskildringar, ofte av personar som står åleine, og i bøkene sine tek Bygd opp spørsmål som makt kontra maktmisbruk eller rasjonalitet kontra irrasjonalitet. Det heile er skrive i eit formsikkert språk, og Bygd må reknast for å vere ein ordkunstnar.

Sjur Bygd fekk Kongens fortenestemedalje i 1976.

Kjelder

Nils Hellesnes: «Gamalt bygdemiljø i fokus før det fell», Gamalt frå Voss IV. Voss 1972

Mads Liland: «Sjur Bygd», Norsk biografisk leksikon, bd. 2. Oslo 2000

Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018

«Sjur Bygd er død», Hordaland 2.11.1985

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 05.09.2019