Hopp til innhold
Sondre Bratland. Pressebilete frå heimesida hans. Foto: Morten Krogvold.
Sondre Bratland. Pressebilete frå heimesida hans. Foto: Morten Krogvold.
X
Innhald

Sondre Bratland

Sondre Bratland, folkesongar frå Telemark som i tiår og på personleg og særeige vis har formidla den mollstemde «blå gleda» som han så råkande omtaler stemninga i den vokale, religiøse folkemusikktradisjonen.

Sondre Bratland er fødd 11. september 1938 på Edland i Vinje. Han er utdanna lærar, med med fordjuping i faga norsk og musikk, og har mange års fartstid som lærar i heimkommunen. Bratland har vore avdelingsleiar i fem år og dosent II ved folkekulturstudiet ved noverande Universitetet i Søraust-Noreg i Rauland. Frå 1997 har han vore statsstipendiat og utøvar på heiltid. Han har verka som songpedagog og er mellom anna læremeisteren til Arve Moen Bergset.

Bratland har gjennom ein mannsalder vore den sentrale mannlege folkesongaren i Noreg. Han debuterte med utgivinga Pilegrimens Sangbog i 1982 og fekk Spellemannsprisen for denne plata. Han fekk Vinje kommunes kulturpris i 1986, Telemark fylkes kulturpris i 2003 og Storegutprisen for god og levande bruk av nynorsk i 2014. 

Han opererer innanfor fleire sjangrar og har samarbeidd over landegrensene, noko som har resultert i nye uttrykk. Bratland har vore døropnar for yngre utøvarar og har gjort vokal folkemusikk omtykt i breie lag. Han har spesialisert seg i religiøs folkemusikk. Han har gitt ut 13 soloplatar. Han har skrive fleire eigne songtekstar til irske og nordiske folkemoldiar. 

Gje meg handa di, ven

Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og venlege tankar
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord!
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

Tekst: Sondre Bratland
Melodi: Irsk folkesong (Down by the Salley Gardens)
Teksten blei første gong publisert på plata "Inn i draumen" (1988).  

Sjå Sondre Bratland syngje "Gje meg handa di, ven" i Uvdal stavkyrkje på mellomalderveka 2017. Knut Reiersrud speler.


Gjennom innsamling, dokumentasjon og bruk forvaltar Bratland levande tradisjonsmusikk. Viktige kjelder har vore mora Sigrid Bratland og tanta Brita Bratland, Tallak Hoslemo (1895–1982) frå Bykle og Ragnar Vigdal (1913–91) frå Luster.

Bratland har tonesett tekstar av med anna Olav H. Hauge, Tarjei Vesaas og Olav Mosdøl.

Kjelder
E-post frå Sondre Bratland 19.03.2008
Heimesida til Sondre Brattland, http://www.sondrebratland.no/ [lesedato 19.05.2010]
Peikarar
Nettsidene til Folkemusikk.no

Først publisert: 19.05.2010
Sist oppdatert: 04.09.2018