Hopp til innhold
Omslaget til albumet «Kommer nå» (1974) av Stein Ove Berg.
Omslaget til albumet «Kommer nå» (1974) av Stein Ove Berg.
X
Innhald

Stein Ove Berg

Stein Ove Berg, artist og låtskrivar. Med viser som «Kommer nå», «Manda morra blues» og «Ta hverandre i hånda og hold» var han ein av dei mest populære visesongarane i Noreg i 1970-åra.

Stein Ove Berg var fødd 22. desember 1948 på Kløfta i Ullensaker i Akershus. Han døydde 17. juni 2002 i Oslo.

Etter at Berg debuterte i radioprogrammet Søndagsposten i 1971, fekk han raskt fotfeste som ein talentfull formidlar av underfundige og melankolske viser. Han platedebuterte med Kommer nå i 1974. Fram til 1981 gav han ut sju album og eit samlealbum. Seinare kom Årgangsviser i 1995 og Det jeg skulle ha gitt i 2002. Etter at han døydde, har norske artistar som Henning Kvitnes, Hilde Heltberg og Roy Lønhøiden tolka Berg sine låtar.

Det er eit stort tematisk mangfald i songane til Stein Ove Berg. Å ta vare på den enkle kvardagen er ein sentral bodskap i mange av tekstane. «Kommer nå» (1974) og «Stine Maris vise» (1979) er døme på det. I viser som «Hu som du har» (1977) og «Prøv å se meg som elva» (1980) skildrar Berg korleis kjærleiken mellom to menneske kan ende i tap og einsemd om ein ikkje tek godt nok vare på kvarandre.

Berg skildra også arbeidaren sin kvardag. «Manda morra blues» (1974) og «Ta hverandre i hånda og hold» er viser som er blitt sentrale i repertoaret til arbeidarrørsla. Med viser som «Rollebytte i oppgang A» (1974) og «Hva med kona til Andersen på Skarnes» (1975) var Berg ein av dei første mennene i Noreg som song om likestilling. På albumet Det jeg skulle ha gitt har fleire av tekstane ein kristen bodskap.

Berg har gitt ut tre visebøker, Hestehov og brun beis (1973), Albumblad (1975) og 58 viser (1979).

Berg fekk Spellemannsprisen i klassen for visesong i 1975 for albumet Visa di. I 2001 blei han den første som fekk LOs heiderspris.

Video: Stein Ove Berg framfører «Manda morra blues».

Kjelder

Stein Ove Berg, biografi, rockipedia.no: https://www.rockipedia.no/artister/stein_ove_berg-29989/# [lesedato 10.3.2018]

Arvid Skancke-Knutsen: «Stein Ove Berg er død», ballade.no: http://www.ballade.no/sak/stein-ove-berg-er-dod/ [lesedato 10.3.2018]

Peikarar

Bernt Erik Pedersen: «Blåmandag», dagsavisen.no 

Først publisert: 01.05.2018
Sist oppdatert: 01.05.2018