Hopp til innhold
X
Innhald

Steinar Brauteset

Steinar Brauteset, radiomann og forfattar. Han laga over 50 program om norsk okkupasjonshistorie, var utanrikskorrespondent i Paris og leidde Landbrukshalvtimen i 20 år.

Brauteset var fødd i Leinstrand i Sør-Trøndelag 28. oktober 1927 og døydde i Oslo 10. mai 2000. Han var cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1957 med faga norsk, fransk og engelsk. Hovudoppgåva tok for seg Jakob Sandes dikting.
Brauteset byrja i NRK i 1952 som programsekretær i Dagsnytt. Seinare vart han hallomann og redaksjonssekretær ved NRKs kontor i Bergen. I tida 1965–1970 var han ansvarleg redaktør for NRKs store programserie om norsk okkupasjons- og krigshistorie, til saman 58 program. 1970–73 var Brauteset utanrikskorrespondent i Frankrike og 1973–93 redaktør for Landbrukshalvtimen. Han fekk i 1984 Kringkastingsprisen for framifrå bruk av nynorsk i etermedia.
Brauteset gav ut bøkene Sett frå Paris (1973), Landbrukshalvtimen (1983), Gestapo-offiser Fehmer (1986) og I kamp om Narvik 1940 (1987).
I 1994 vart Brauteset tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.
Kjelder
Minneord, Adresseavisen 13.5.2000 og Aftenposten 19.5.2000
Brita Rosenberg: «Evig forelsket i 'Dagros' og Paris», Aftenposten 6.7.1985

Først publisert: 01.11.2011
Sist oppdatert: 02.05.2013