Hopp til innhold
Forfattar Sunniva Relling Berg. Foto: Tove K. Breistein. Henta frå Det Norske Samlaget.
X
Innhald

Sunniva Relling Berg

Sunniva Relling Berg (f. 1988 i Ålesund) har gjeve ut ungdomsromanane Utfor (2011) og Beina i gitaren (2013). Den første boka vart nominert til Brageprisen og til Kulturdepartementets debutantpris.

Debutboka handlar om ei jente i ungdomsskulealder som flytter til eit lite samfunn der ho prøver å koma inn i miljøet. Men det er noko farleg som ingen fortel om, og som ho må finna ut sjølv. Tittelen Utfor spelar både på utanforskap av ulikt slag og at ein faktisk kan koma til å køyra utfor. 

Også i Beina i gitaren handlar det om ei ung jente som kjem inn i kompliserte konfliktar knytte til ein gut ho har sterke kjensler for, men som på si side er prega av utanforskapets farar.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 11.10.2018
Sist oppdatert: 12.11.2018