Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Bergh

Sverre Bergh, 1915–80, var dirigent, pianist og komponist. Bergh var arrangør i NRK og frå 1956 kapellmeister ved Den Nationale Scene i Bergen. Vidare var han direktør for Festspillene i Bergen i åra 1976–80. Bergh er mest kjend for scenemusikk, orkestermusikk (Kontrapunkt i Grukkedalen, Småbyskisser, Klarinettconcertino) og kammermusikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013