Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre By

Sverre Einride By, lærar, skulestyrar, målmann og forfattar av barne- og ungdomslitteratur.

Sverre By var fødd 4. februar 1897 i Sømna i Nordland og døydde 5. mars 1975. Han voks opp i Skaun i Sør-Trøndelag. By tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1920. Frå same året og fram til 1926 var han lærar ved fleire skular, først i Fusa i Hordaland, så ved Børsa, Skaun og Sør-Trøndelags faste fylkesskule i Strinda ved Trondheim. Her vart han verande. Han arbeidde ved Ranheim skule same staden frå 1926 til 1945 og var seinare skulestyrar ved Åsvang skule, også i Strinda, i tjue år, fram til pensjonsalderen i 1965.
Frå 1929 til 1931 redigerte By avisa Gaula. Han vart kritisert for at det var for mykje bokmålsstoff i avisa, men han gjorde i alle fall plass for føljetongar på nynorsk. Læreboka Nidarosdomen, den herlegaste kyrkja i Norderlanda gav By ut i 1946. Dette året debuterte han òg som barnebokforfattar, med På livet laust, og han skreiv i alt 21 bøker for barn og unge. Han fekk ein stor lesarkrins med den prislønte Raudmerra (1948), som er den første boka i ein trilogi for ungdom. Meistringsproblematikk og samspelet mellom ein ung gut og den villstyrne hesten hans er eit sentralt motiv.
Det er i ein realistisk tradisjon By høyrer heime. Han grip tak i unge menneske sine problem og skreiv om generasjonsmotsetnader, funksjonshemming og einsemd. I store delar av forfattarskapen står bygdemiljø under industrialiseringa sentralt, men han gav òg ut nokre historiske ungdomsromanar, mellom anna Styrk Audunsson (1972), med handling frå ei pilegrimsferd på 1200-talet.
By var med i styret i Noregs Mållag frå 1957 til 1960. Han var formann i Strinda lærarlag i Ut-Trøndelags krins av Noregs lærarlag i tolv år og vart seinare heidersmedlem i lærarlaget. By fekk fleire forfattarstipend og gjorde studiereiser til Sverige, Danmark og Nederland. For boka Raudmerra fekk han i 1948 Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin barnebokpris. Han var den første som fekk denne prisen. Den same prisen fekk han for Turid og dei andre i 1951, ei bok som handlar om ei blind ungjente.
By fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1967.
 
Kjelder
Karl Bakke (red.): Norske skulefolk, bd. 1. Stavanger 1952
Lars Beite (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1966
Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 7. Oslo 1997
Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie, med bibliografi. Oslo 1997
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Oslo 2006
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Gunvor Risa: «Sverre By som barnebokforfattar», Årbok for Trøndelag 1975

Først publisert: 03.06.2013
Sist oppdatert: 03.06.2013