Hopp til innhold
X
Innhald

Tarjei Bø

Tarjei Bø, skiskyttar og langrennsløpar frå Stryn. Bø har ein samanlagtsiger i verdscupen og vart Sogn og Fjordane sin første vinterolympiske meister etter stafettgull i Vancouver i 2010.

Tarjei Bø er fødd 29. juli 1988 i Stryn og konkurrerer for Markane IL. Han gjekk skiskyttarlinja ved Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer i 2004–07 og bur i dag i Oslo. Tarjei Bø er storebror til skiskyttaren Johannes Thingnes Bø.

Bø debuterte i verdscupen med ein 61.-plass i verdscupavslutninga i Khanty-Mansijsk i mars 2009 og vart teken ut på verdscuplandslaget for sesongen 2009/10. Etter fleire gode prestasjonar kom han med i den norske troppen til OL i Vancouver i 2010. Der fekk han tillit på stafettlaget, og med berre to bom på etappen sin var han med på å vinne gull for Noreg, framfor Austerrike og Russland. Han kom på 21.-plass på normaldistansen 20 km.

Den første verdscupsigeren kom sesongen etter, i desember 2010. Bø gjekk inn til siger i Hochfilzen, og med fire verdscupsigrar tok Tarjei Bø samanlagtsigeren i verdscupen sesongen 2010/11. Same vinteren, under VM i Khanty-Mansijsk i mars 2011, tok Bø tre gull og to bronse.

Bø har til saman ni verdscupsigrar, fem VM-gull, og eit OL-gull. I OL i Pyeongchang 2018 tok han sølv på herrestafetten saman med broren, Johannes Thingnes Bø.

Kjelder

«Boe, Tarjei», utøvarprofil, biathlon.com: http://www.biathlon.com.ua/profile.php?lang=eng&id=1533 [lesedato 28.1.2018]

«Boe, Tarjei», resultatliste, biathlonresults.com: http://biathlonresults.com/?view=bios_search [lesedato 28.1.2018]

Ottar Starheim og Kjell Arvid Stølen: «Tarjei Bø», Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, allkunne.no, oppdatert 14.3.2016: https://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon-sogn-og-fjordane/kjende-personar/tarjei-bo/1898/79988/ [lesedato 28.1.2018]

Gry Brekke Hustveit: «Var ‘ganske dårleg’ i ungdommen», om VM i Khanty-Mansijsk 2011, nrk.no, publisert 11.3.2011: https://www.nrk.no/sognogfjordane/tarjei-var-inga-barnestjerne-1.7543191 [lesedato 28.1.2018]

Først publisert: 14.03.2019
Sist oppdatert: 14.03.2019