Hopp til innhold

Tina Bru

Tina Bru, politikar, 2. nestleiar i og stortingsrepresentant for Høgre frå Rogaland. Frå 2020 er ho olje- og energiminister i Erna Solberg si blå-grøne regjering.

Tina Bru er fødd 18. april 1986 i Moss i Viken fylke. Ho tok ein bachelorgrad i engelsk og religion ved Universitetet i Stavanger i 2006–08 og har ein bachelorgrad med fordjuping i endringsleiing frå BI i Stavanger frå 2010–12.

Ho var politisk rådgivar Stavanger Høgre i 2008–10, for Rogaland Høgre i 2011–12 og for fylkesordføraren i Rogaland i 2011–13. Sidan 2013 har ho vore stortingspolitikar for Rogaland frå Høgre, og i januar 2020 blei ho olje- og energiminister i regjeringa til Erna Solberg, etter at Sylvi Listhaug gjekk ut då Framstegspartiet trekte seg frå regjeringssamarbeidet.

Bru melde seg inn i Unge Høgre i 2005, var 2. nestleiar og fylkessekretær for Rogaland Unge Høgre i 2006–07, deretter fylkesleiar i 2008–09 og medlem av sentralstyret i ungdomsorganisasjonen i 2008–10. Ho var representant for Høgre i kommunestyret i Stavanger i 2007–12 og i fylkesstyret i Rogaland i 2011–13. Ved Stortingsvalet i 2013 blei ho vald for Rogaland frå Høgre og attvald for perioden 2017–21. På Stortinget har ho vore medlem og nestleiar i energi- og miljøkomiteen, fram til ho blei statsråd i 2020. Under Høgres landsmøte i september 2020 blei Bru valt til 2. nestleiar i partiet, ein posisjon ho tok over etter helseminister Bent Høie.

Bru er feminist og utfordrar konservativ politikk, spesielt i familie- og likestillingspolitikken. Bru vil avskaffe både kontantstøtta og barnetrygda, og ho er for eggdonasjon. Då to av biskopane i den norske kyrkja meinte at Noreg måtte bremse oljeutvinninga, melde ho seg ut av kyrkja. Ho er for ein aktiv oljepolitikk med mindre utslepp. Bru er ein av dei yngste statsrådane i norsk historie.

 

Kjelder

Tina Bru, stortingsrepresentant, stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representant/?perid=TIB [lesedato 29.1.2020]

Tina Bru, yrkesprofil, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/tina-bru 35552426/?originalSubdomain=no [lesedato 28.1.2020]

Hugo Lauritz Jensen: «Høyreraddisen med Palestina-skjerf», aftenbladet.no, publisert 11.3.2016: https://www.dn.no/magasinet/portrettet/tina-bru/hoyre/hoyreraddisen-med-palestina-skjerf/1-1-5599767 [lesedato 29.1.2020]

Regjeringa: «Olje- og energiminister Tina Bru (H)», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dep/oed/org/olje--og-energiminister-tina-bru/id2687612/ [lesedato 29.1.2020]

 

Peikarar

Gard Oterholm, Marie Melgård og Tore Gjerstad: «Tina Bru lover å være like oljetro som Listhaug», dn.no, publisert 24.1.2020

Mari Rollag Evensen, Gunnar Morsund og Otto Voldsund: «Tina Bru blir klappa inn av oljenæringa: – Har god innsikt», nrk.no, publisert 24.1.2020

Marie De Rosa: «Krever at oljeminister Tina Bru (H) følger opp klimaløfte», dagsavisen.no, publisert 24.1.2020

Først publisert: 25.09.2020
Sist oppdatert: 25.09.2020