Tor Bremer
Tor Bremer, gardbrukar og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane. Frå 2013 er han vararepresentant til Stortinget.
Tor Bremer er fødd 9. februar 1955 i Luster i Sogn og Fjordane. Han er gardbrukar i Hafslo og dreiv med storfe. I perioden 2009–13 var han stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane og var 2013–2017 vararepresentant. Han er styreleiar i Sogn skisenter frå 2015.
Bremer har vore kommunestyremedlem i Hafslo, først for bygdelista for Hafslo i 1988–91 og i 1992–95 for Arbeidarpartiet. Han var representant for Arbeidarpartiet i fylkestinget for Sogn og Fjordane i 1995–2011, fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane i 2003–09 og har vore leiar for Sogn og Fjordane Arbeidarparti i 2000–07.
Bremer var vararepresentant til Stortinget i 2001–05 og 2013—17, og var fast representant 2009—13. Han er medlem av kyrkje- utdannings- og forskingskomiteen, og på Stortinget arbeidde han mellom anna for å fremje interessene og sikre arbeidsplassane til innbyggjarane i heimfylket.
Bremer var medlem av Vestlandsrådet og i 2004 var han visepresident i Euromontana, eit europeisk nettverk for utvikling av fjellregionar. Bremer blei referert på nynorsk i Stortinget.
Kjelder
Peikarar
«Heggø og Bremer toppar lista», nrk.no
Først publisert: 23.05.2013
Sist oppdatert: 31.07.2018