Hopp til innhold

Torbjørn Bratt

Som opphavleg katolsk skulert teolog vart Torbjørn Bratt i 1546 den første lutherske biskopen i Trondheim. Han fekk gode skotsmål av Luther, men aldri tillit av danskekongen.

Torbjørn Olavssøn Bratt (død 1548) var fødd på Andenes på byrjinga av 1500-talet, som son av handelsmannen Olav Thorbjørnssøn, seinare rådmann i Bergen. Han vart sjølv gift og fekk iallfall to søner, der den eine vart teken opp i domkapittelet.

Brattætta var ei norsk adelsslekt frå seinmellomalderen. Broren Jens var også ein viktig teolog og ein av dei nærmaste medarbeidarane til erkebiskop Olav Engelbrektssons før reformasjonen. Begge brørne vart truleg påkosta skulegang i Trondheim av erkebiskopen, som dei var i slekt med, før dei drog til universitetet i Köln, der Torbjørn vart til 1528. Magistergraden tok han ved universitetet i København, der han så fekk ei undervisingsstilling.

Då universitetet stengde i 1531, på grunn av reformasjonsstriden, vart Bratt huslærar hos hertug Hans, yngste son til kong Fredrik 1. Då Fredrik døydde i 1533, var den opplagde tronkrevjaren, kongen sin eldste son Kristian, open lutheranar. Presteskapet og katolske adelsmenn slutta difor opp om hertug Hans. Etter tre år med borgarkrig, gjekk Kristian sigrande ut og gjennomførte den lutherske reformasjonen. I 1537 vart eit norsk opprør leidd av Olav Engelbrektsson knust, og lutherdomen innført også her i landet.

Bratt hadde hamna i ei uheldig stilling, knytt til hertug Hans, som han hadde håpa å tene som konge. No vende Bratt tilbake til Trondheim og vart medlem av domkapittelet. Domkapittelet hadde vore erkebiskopen sitt råd, og kannikane (prestane) her var sentrale i kyrkjestyret. Domkapittelet heldt fram, men no, når kongen slo kyrkja under seg, miste dei sjølvstendet. Bratt var sendebod til kongen og stod fram som leiar av domkapittelet. Nokon ny biskop i Trondheim vart derimot ikkje oppnemnd, så i 1542 valde kannikane Bratt og oppmoda kongen til å godkjenne valet.

Koplinga til Engelbrektsson verka imot Bratt. Kongen sende han difor til studium hos Luther og Melanchthon i Wittenberg før valet kunne godkjennast. Etter over to år i Wittenberg, der han budde hos Luther, fekk Bratt svært gode tilrådingar, både frå Luther sjølv og frå den viktige lutherske teologen Johannes Bugenhagen, som kalla han «lærd, from, sedeleg og forstandig». I 1546 erklærte kongen at «Meister Torben Olssen er lærd og likeins i sin livsførsel og omgang gagnleg og lagleg», og utnemnde han til superintendent i Trondheim. Her heldt han hus i tidlegare Elgeseter kloster.

Bratt fekk ei bispetid i oppoverbakke. Å innføre den nye kyrkjeordninga var ei svær utfordring i eit bispedøme der lutherdomen stod svakt. Kyrkja hadde òg mindre inntekter etter oreigninga av eigedomar etter reformasjonen. Bratt ønskte særleg å få i stand katedralskulen igjen, for å utdanne eit nytt luthersk presteskap. For å skaffe midlar til oppbygginga reiste han til kongen i København i 1547, men Kristian 3. ville motverke at det gamle erkebispesetet vann tilbake si gamle kraft. Bratts bakgrunn vekte mistanke. Dessutan kunne han vere kvass og syne norske nasjonale synspunkt, i ei tid då kongemakta ville ha ein strammare union. Kongen var altså ikkje lydhøyr. Til domkapittelet skreiv Bratt skarpt at han «fryktar at [Trondheim] stift vert aldeles heidensk igjen, som vil verte Hans Majestet vanskeleg å forsvare overfor Gud». På vegen tilbake i 1548 døydde så Bratt av pest i Hedmark, og han vart gravlagd ved alteret i korskyrkja i Ringsaker.

Ein del brevveksling frå og om Bratt er trykt i Danske magazin.

 

Kjelder

Ludvig Daae: Trondhjems Stifts geistlige Historie fra Reformationen til 1814. Trondheim 1863

Sigrun Høgetveit Berg: Reformasjonen. Oslo 2017

 

Danske magazin, bd. 6, rekke 1 / hefte 70, 1752. Digitalisert utgåve, hathitrust.org: https://babel.hathitrust.org/cgi/pt?id=mdp.39015065285648&view=1up&seq=32

 

Peikarar

«Biskop Torbjørn Olavsson Bratt får minneplakett», kirken.no, publisert 28.10.2017

Øystein Rian: «Luther, reformasjonen og Norge», fagsnakk.no

Først publisert: 19.11.2020
Sist oppdatert: 19.11.2020