Hopp til innhold
X
Innhald

Tore Brunborg

Tore Brunborg, jazzsaksofonist, komponist og arrangør. Han har bak seg ei brei musikalsk verksemd, men er mest kjend for det lågmælte, meditative uttrykket.

Tore Brunborg er fødd 20. mai 1960 i Trondheim, men voks opp på Voss. I 1979 flytta han til Bergen, der han i eitt års tid var medlem av Knut Kristiansen / Per Jørgensen kvintett. Med desse musikarane debuterte han på Vossajazz i 1980. Han studerte ved jazzlinja ved Trøndelag Musikkonservatorium i 1980–1983.
Brunborg har vore med i ei lang rekkje grupper. Gjennombrotet kom i ein kvintett med Arild Andersen, Jon Christensen, Jon Balke og Nils Petter Molvær, skipa i 1982. I 1983 kom den første LP-en deira. Både LP-en og ensemblet fekk namnet Masqualero. Bandet turnerte i Europa og USA og vann tre Spelemannsprisar for platene Bande a part (1985), Aero (1987) og Re-Enter (1990).
Frå 1992 har Brunborg turnert med sitt eige Tore Brunborg Prosjekt. Brunborg-namnet har han nytta på fleire ensemble. I det siste, Tore Brunborg Trio, medverkar musikarane Ole Morten Vågan og Erik Nylander. I 2009 gav dei ut albumet Lucid Grey, som kan seiast å vere karakteristisk for Brunborg sitt spel og komposisjonane hans – melodisk, nedtona og vakkert.
Kjelder:
Biografi hos MIC Norsk musikkinformasjon, ballade.no, tekst produsert av Norsk Jazzarkiv, publisert 31.01.2009, http://www.mic.no/nmi.nsf/doc/art2006052311445741821011 [lesedato 16.03.2010]
Peikarar
Intervju med Brunborg i Jazznytt

Først publisert: 16.03.2010
Sist oppdatert: 30.04.2013