Hopp til innhold

Tore Bruvoll

Tore Bruvoll, gitarist og komponist som er inspirert av den nordnorske folkemusikken. Han er mykje brukt som frilansfolkemusikar og er ein av initiativtakarane til gruppa Hekla Stålstrenga.

Tore Bruvoll er fødd 30. oktober 1978 i Tromsø. Han gjekk på Kongsbakken videregående skole (1994–97), før han tok musikkutdanning ved Høgskolen i Telemark (1997–99).

Bruvoll har vore med i fleire folkemusikalske prosjekt med den akustiske gitaren sin. Med duoen Bruvoll/Halvorsen gav han saman med kvedaren Jon Anders Halvorsen ut albuma Nattasang (2004) og Trillar for to (2007). Med gruppa Majorstuen var han med på albumet Juledrøm (2006), og med String Sisters på albumet Live (2007). På albumet Jol i mi song (2011) akkompagnerer han songaren Sondre Bratland.

Sidan slutten av 1990-åra har han hatt eit tett musikalsk samarbeid med felespelar Ragnhild Furebotten, og i 2005 etablerte dei den akustiske folkrockgruppa Hekla Stålstrenga. Dei to skriv mykje av musikken til gruppa. I 2016 kom albumet Ventetid, som er det fjerde studioalbumet deira.

Musikken til Tore Bruvoll er inspirert av den nordnorske folkemusikken. Han blir mykje brukt som studiogitarist og som frilansmusikar i radio- og fjernsynsproduksjonar. Han har òg komponert musikk til teaterframsyningar ved Hålogaland Teater.

Kjelder

Samtale med Tore Bruvoll 5. juli 2015

«Tore Bruvoll», mic.no: http://www.mic.no/symfoni%5Ckontakt.nsf/pub/per2003070811352598835431 [lesedato: 20.8.2016]

Peikarar

Espen Tørset: «Ti år med Hekla Stålstrenga», Folkemusikk nr. 3/2015

Først publisert: 13.02.2017
Sist oppdatert: 17.03.2017