Hopp til innhold
X
Innhald

Torleiv Bjørgum

Torleiv Hallvardsson Bjørgum, folkemusikar og kulturarbeidar frå Setesdal, som med markerte rørsler i armar og bein heldt takten heilt til han døydde på scenen.

Bjørgum var fødd i Valle, Aust-Agder, 25. mai 1921 og døydde same stad 9. februar 1990. Han lærte hardingfelespel mellom anna av Andres K. Rysstad (1893–1984) og Andres T. Hovet (1910–85). Han spela også vanleg fele og munnharpe, og var dessutan kvedar. Alle desse dugleikane er dokumenterte på plata Skjoldmøyslaget: Faremoslåttar frå Setesdal, som han spelte inn saman med sonen, spelemannen Hallvard T. Bjørgum, og som kom ut like etter at han døydde i 1990. Av andre plateinnspelingar kan nemnast Sebyggje og Teledøl (1979, med Knut Buen), Dolkaren (1987) og dei posthume Klunkaren (1998) og Bjørgumspel (2009). Innspelingane hans på plateserien Norsk folkemusikk (1953–74) er gitt ut på nytt av Ta:lik records på cd-en Slåttar og stev frå Setesdal (2009).
Bjørgum byrja i 1962 med å byggje opp Sylvartun i Rysstad, eit senter for bygdekultur som i dag blir drive vidare av sonen Hallvard. Han tok sveinebrev som sølvsmed i 1968, eit fag han har lært vidare til mellom andre Kirsten Bråten Berg. Han har laga reportasjefilmar om Setesdal og Setesdals-kulturen for Norsk Film så vel som for utanlandsk fjernsyn (Gangaren, Munnharpa, Setesdalen, Langs landevegen).
Bjørgum fekk Aust-Agder fylkes kulturpris (1971), spelemannsprisen posthumt for Skjoldmøyslaget (1990) og vart i 1980 utnemnd til heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn. Han har ei rekkje førstepremiar i spel og kveding frå kappleikar, og han vart A-klassespelar i 1951.
 
Bjørgum og setesdalsspelet
Spelet til Bjørgum fører vidare tradisjonen etter Knut Jonson Heddi (1857–1938), som igjen går tilbake til «faremoane»: spelemennene Olav og Tarjei Faremo, begge fødde på 1790-talet. Setesdalsmusikken har vorte forma gjennom ulike påverknader, særleg frå Telemark, men unikt for denne musikktradisjonen er framfor alt dei såkalla «rameslåttane» (av «rammr» = sterk, kraftig), som også ber namnet dei «gorrlause slåttane» («gorr» = særeigen). Gorrlause slåttar blir spelte med nedstilt g-streng (FDAE), slik at bassen blir «lausare» og dermed meir «særeigen». Stillet blir hevda å gi slåttane ein unik, mørk dåm, i tillegg til at dei har eit sterkt rytmisk driv. Bjørgum var mellom dei fremste utøvarane av denne musikken i sin generasjon.
I spelet til Bjørgum finn vi innslag av naturtonalitet, altså førekomst av andre intervall eller tonesteg enn dei tempererte heil- og halvtonestega som kjenneteiknar dur- og mollskalaene. Han hadde ein framifrå teknikk, kjenneteikna av korte, skarpe og rullande bogestrøk. I motsetnad til dei fleste felespelarar i dag heldt han framleis fela mot bringa medan han spela, og på plate kan vi høyre den karakteristiske, kraftige takttrampinga hans.
Kjelder
Vidar Lande: «Setesdalmusikk – kva er det?», i Årbok for norsk folkemusikk 1991
Magne Myhren: «Torleiv Bjørgum», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999       

Først publisert: 23.09.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013