Hopp til innhold
X
Innhald

Torstein Børte

Torstein Børte (1899–1985) var fødd i Lunde i Telemark. Han debuterte med samlinga Kom såmann i 1973 og gav ut tre samlingar til, den siste var Vegen (1985). Han var kjend som ein munter mann, men skreiv meditative, tenksame dikt. 

«Det er lettare å vera morosam i kjeften enn i pennen», blir det hermt etter han. Dikta har vist seg å eigna seg godt som songar, og i 2005 vart det oppført eit bestillingsverk basert på tekstane hans på eit kulturarrangement ved Telemarkskanalen.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 15.10.2018