Hopp til innhold
X
Innhald

Tove Bull

Tove Bull, språkforskar. Ho har i mange tiår arbeidd med den tidlege lese- og skriveopplæringa.

Bull er fødd i Alta 31. oktober 1945. Ho blei cand.philol. ved Tromsø lærerhøgskole 1973–84, var førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø 1984–90 og professor same staden frå 1990. Bull var rektor ved Universitetet i Tromsø 1996–2001 og har hatt ei særs lang rekkje framståande tillitsverv.
 
Bull har blant anna arbeidd mykje med den tidlege lese- og skriveopplæringa. Saman med Tordis Fosse og Einar Økland gav ho ut abc-boka God dag i 1988. Ho var medredaktør for hundreårsverket Norge (2004). 
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013