Hopp til innhold
Frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale med NRK.
Frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale med NRK.
X
Innhald

Trude Brosvik

Trude Brosvik, sentral og markant politikar for KrF i Sogn og Fjordane.

Brosvik er fødd 30. oktober 1961 og kjem frå Gulen. Ho var kyrkjeverje i heimbygda før ho gjekk inn i politikken, og har igjen vore det frå 2011. Dei første periodane som medlem av kommunestyret i Gulen hadde ho frå 1987 til 1995, deretter sat ho fire år i fylkestinget i Sogn og Fjordane, der ho igjen var representant frå 2015. Frå 1999 til 2011 var ho ordførar i Gulen. Frå 1999 til 2005, og frå 2011 til 2015 var Brosvik medlem av sentralstyret i KrF. 

Både i 2009 og 2013 prøvde Brosvik å kome inn på Stortinget. Det gjekk ikkje. Ho var varamedlem til Stortinget 1993–1997 og igjen frå 2017.

 
Brosvik har vore aktiv i politiske debattar og i bruken av sosiale medium i ei tid då KrF har slite med oppslutninga. Ho har markert seg gjennom ein del distriktsstandpunkt, til dømes ved å understreke KrF sitt nei til EU. Ho var både under Bondevik II-regjeringa og i samband med samarbeidsavtalen med Solberg-regjeringa skeptisk til partiet sitt tette samarbeid med Høgre. Ho har hatt ei rekkje offentlege verv, mellom anna som styreleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane og som leiar for distriktsprogramrådet for NRK Sogn og Fjordane.

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018