Hopp til innhold
X
Innhald

Turid Bakke Braut

Turid Bakke Braut, allsidig pianist og pedagog, har gjort ein særleg innsats for songar med nynorsk tekst.

Turid Bakke Braut er fødd 24. februar 1955 på Stord. Etter utdanning ved Stord gymnas gjennomførte ho studium i klaver- og songpedagogikk ved Bergen Musikkonservatorium (1978). I klaver har ho òg eksamen frå Royal College of Music and Drama (1979) og diplomeksamen frå Noregs musikkhøgskole (1981).
Som utøvar debuterte ho i Universitetets Aula i Oslo i 1976. Braut har vore solist med dei fleste norske symfoniorkestra, og har turnert nasjonalt og internasjonalt.
Som klaverpedagog og akkompagnatør har ho hatt stillingar ved fleire av musikkutdanningsinstitusjonane her i landet, som Noregs musikkhøgskole (1983–86) og Musikkonservatoriet i Trondheim (1990–2002). I dag underviser ho ved Griegakademiet i Bergen (frå 2002) og Kongshaug Musikkgymnas (frå 2000).
Braut har spesialisert seg på norsk musikk gjennom utgivingar av verka åt Edvard Grieg og Sverre Jordan, og gjennom samarbeid med komponistar som Harald Sæverud, Johan Kvandal og Olav Anton Thommessen. Tolkinga av songar og salmar med nynorsk tekst har òg vore ein sentral del av verksemda. Konsertprosjektet «Bøn for år 2000» var bygd over Alfred Hauges dikt, andre prosjekt har vore arrangerte i samarbeid med forfattarane Edvard Hoem og Magne Myhra.
Braut har motteke Rikskonsertane sitt lanseringsstipend for debutantar (1976), Rotarystipend (1978–79), Kunstfagstipend (1979–81) og Legat Olavsfestdagene (2000).
Kjelder
Turid Bakke Braut, telefonsamtale 30.11.2010
Turid Bakke Braut, e-post, 2.12.2010
Peikarar
Nettstaden til Griegakademiet i Bergen

Først publisert: 19.10.2011
Sist oppdatert: 02.05.2013