Hopp til innhold

Une Aina Bastholm

Une Aina Bastholm, statsvitar, politikar, stortingsrepresentant og dei eine av to talspersonar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

Une Aina Bastholm er fødd 14. januar 1986 i Trondheim og er oppvaksen der og i Bodø. No bur ho i Oslo. Ho tok vidaregåande skule i 2002–05, har bachelorgrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo og Potsdam i Polen (2009) og mastergrad i internasjonal politikk frå Aberystwyth University i Wales (2010).

Bastholm dreiv den berekraftige daglegvarebutikken Etikken i Trondheim i 2010–11, var tilsett i Dyrevernalliansen i 2011–12 og i Naturvernforbundet i 2012–13, før ho blei politisk rådgivar for Miljøpartiet Dei Grøne på Stortinget i 2013–16. Frå 2016 har ho vore nasjonal talsperson for MDG saman med Rasmus Hansson (2016–2018) og Arild Hermstad (2018–).

Ho var først politisk aktiv som styremedlem i Trondheim AUF og Bodø AUF i 2000–04. Ho melde seg inn i Miljøpartiet Dei Grøne i 2010 og var medlem av styret til MDG i Trondheim i 2011. Bastholm var medlem av sentralstyret i MDG i 2012–13 og fylkesleiar for partiet i Oslo i 2013–14. Ho var vararepresentant til Stortinget for MDG frå Oslo i 2013–17 og stortingsrepresentant for MDG frå Oslo 2017–21.

Bastholm har spalte i avisa Nationen, og ho vil at MDG skal bli det leiande partiet i Noreg når det gjeld berekraftig landbruk. Ho er dessutan oppteken av dyrevelferd og å redusere det materielle forbruket, og ho er teknologioptimist. Det vil seie at ho vil bruke teknologi til å nytte ressursane betre og meir berekraftig. Bastholm er òg oppteken av flyktningpolitikk og internasjonal solidaritet. I MDG blir ho omtalt som ein leiar med stor sjølvinnsikt, som uthaldande og som ein person med stor politisk teft. Ho appellerer til kvinner og unge, som er viktige veljargrupper for partiet.

Bastholm har mellom anna vore styremedlem i Press i Trondheim (Raudekrossen sin ungdomsorganisasjon) i 2003–05, leiar av Press i Oslo i 2006–07 og medlem av sentralstyret i organisasjonen i 2008–09. Ho var styremedlem i Framtiden i våre hender i Trondheim i 2011 og i Minding Animals Norge i 2012–14.

Kjelder

«Une Aina Bastholm», mdg.nohttps://www.mdg.no/kandidat/une-aina-bastholm/ [lesedato 30.10.2017]

«Une Aina Bastholm», mdg.no: https://www.mdg.no/mdglm/valg-pa-landsmotet-2/une-aina-bastholm/ [lesedato 5.3.2017]

Une Aina Bastholm sin profil på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/unebastholm/ [lesedato 5.3.2017]

Peikarar

Jørgen Berge: «Une Aina Bastholm: – På tide å gjøre det slutt med Siv Jensen», nettavisen.no 

Bodø Nu: «Bodøkvinne i MDGs ledelse», bodonu.no 

Lisbet Harstad: «Grønne Bastholm til topps i Miljøpartiet», nationen.no 

«08.12.15 – Une Aina Bastholm om jordvern og Jordbruksoppgjøret 2015», youtube.com

Først publisert: 30.06.2017
Sist oppdatert: 20.06.2019