Hopp til innhold
Vidar Bergset. Foto: Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane. Nytta etter overtakingsavtale med NRK.
Vidar Bergset. Foto: Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane. Nytta etter overtakingsavtale med NRK.
X
Innhald

Vidar Bergset

Vidar Bergset, lærar, kulturarbeidar og forfattar, har bak seg ein mangfelt forfattarskap, i fleire sjangrar.

Bergset er fødd 2. mai 1928 på Fjelli i Stryn kommune. Etter lærarutdanning var han lærar fleire stader, den lengste tida i Vartdal ved Gjøvik og ved Valdres folkehøgskule. Dei siste yrkesaktive åra var han tilsett ved Rand skule i heimekommunen. Bergset har hovudfag i norsk frå Universitetet i Bergen i 1978, med ei avhandling om Per-bøkene av Olav Sletto. Bergset har vore aktiv i lokalhistorisk arbeid, og var redaktør for Årsskrift for Stryn Historielag frå 1992 til 2007.

Bergset debuterte som skjønnlitterær forfattar med barneboka Naudrop i fjellet (1968), ei forteljing i den eldre nynorske barnelitteraturens hovudtradisjon: realistiske skildringar av barndom og oppvekst på landsbygda. Både seinare barnebøker og novellesamlinga Lagnaden – og alle dei andre (1997) er realistiske forteljingar frå bygdemiljø, med tema knytte til grunnleggande krefter i menneskelivet. I forteljingane sine byggjer Bergset ofte på minne frå eigen oppvekst i mellomkrigsåra.

I tre diktsamlingar, Ein stad å setje sin fot (1976), Utafor alt eg veit (1983) og I morgon skal vi møtast (1996), handlar det om enkeltmennesket i dei store samanhengane, om natur og skaparverk, om tru og lengt, om barndom og om ei samtid der varige, kristne verdiar er på vikande front, erstatta av eit kaldare og meir overflatisk samfunn.

Utdrag frå diktet «Alltid to» av Vidar Bergset

I mitt inste kammers bur det alltid to,
ein i fugleham og ein med løveklo.

I mitt hjarte stod så mang ein livleg fest
hos den veike når den sterke kom som gjest.

Det står skrive i mitt hjartes vise bok:
Den veike gav – den sterke berre tok.

(...)

Det brenn ei vannmakts von i all min song
– at desse to må bli til eitt ein gong.

Utdrag frå diktet «Alltid to» av Vidar Bergset: Utafor alt eg veit. Fonna Forlag 1983. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Bergset har skrive historia om Noregs Kristelege Folkehøgskulelag, ein biografi om den danske forfattaren Kaj Munk og ei bok om språkutvikling og ordhistorie. Han har òg samla lokal litteratur i to hefte for skulebruk og har gitt ut andaktsbøker.

Kjelder

Ove Eide: «Då er det enno von for menneska – om Vidar Bergsets forfattarskap», Jul i Nordfjord 2008. Sandane 2008

Peikarar

Digitaliserte bøker av Vidar Berget på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Forfattarside om Vidar Bergset på nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane 

Først publisert: 01.06.2018
Sist oppdatert: 30.07.2018