Hopp til innhold
X
Innhald

Viggo Brun

Viggo Brun, 1885–1978, matematikar, frå 1924 professor i matematikk ved Norges tekniske høgskole (NTH), 1946–55 ved Universitetet i Oslo. Han stod for viktige arbeid om primtaltvillingar (primtal der differensen er lik 2), og Eratosthenes' såld og Goldbachs formodning. Brun fann i 1952 manuskriptet til den vidgjetne "parisaravhandlinga" til Abel i Firenze.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012