Faktaboks

Vincenzo Bellini
Uttale
bellˈini
Fødd
3. november 1801, Catania
Død
23. september 1835, Puteaux, Paris
Vincenzo Bellini
Vincenzo Bellini
Av /Museo internazionale e biblioteca della musica.

Vincenzo Bellini var ein italiensk operakomponist. Bellini blir, saman med Gaetano Donizetti og Gioachino Rossini, rekna som grunnleggjarane av den moderne italienske romantiske operaen. Han var ein hovudeksponent for bel canto-stilen innanfor italiensk opera, særmerkt av lange, lyriske melodiar og svært godt samsvar mellom musikken og karakterane sin psykologi.

Bakgrunn

Vincenzo Bellini var fødd i CataniaSicilia i dagens Italia og døydde i Puteaux nær Paris i Frankrike. Han voks opp i ein musikalsk familie og fekk tidleg musikkundervising av bestefar sin, Vincenzo Tobia, som òg var komponist. 18 år gamal fekk han stipend ved Napolis Collegio di Musica og vart i 1819 elev av Giacomo Tritto og frå 1823 av Nicola Zingarelli. Han studerte ved dette konservatoriet i seks år, til 1825.

Estetikk

Hos Bellini kan ein framfor alt merke interessa hans for dei vokale aspekta. Bellini sine «enkle» orkesterakkompagnement fekk i samtida kritikk for å vere for enkel. Ein har likevel komme til at Bellini sitt orkester er akkurat det som det vokale uttrykket krev, og i verka hans manglar det slett ikkje døme på geniale avsnitt for orkester. Melodien spring ut av eit svært nært samband med teksten, både når det gjeld det poetiske innhaldet og rytmikken i teksten, utan at melodien taper den store fridommen sin. Handlinga er gjerne konsentrert rundt ein kvinnelagnad, og Bellini var òg påverka av folkeviser frå Napoli og Sicilia, og dessutan av Gioachino Rossini sine verk. Det romantiske tonespråket, med dei lange, særprega og vakre melodiane, har i ettertid influert Frédéric Chopin, Giuseppe Verdi og Richard Wagner.

I dei tre meisterverka La sonnambula (Søvngjengersken), Norma og I Puritani (Puritanerne), der særleg Norma har hatt ein spesiell plass på repertoaret, fornya Bellini bel canto-tradisjonen og førte den til sitt høgdepunkt. Bel canto, «vakker song», refererer til vokalidealet som dominerte i italiensk opera på Bellini si tid, karakterisert av ein lyrisk, rund tone og mjuke fraseringar gjennom heile registeret. Musikken karakteriserar handlinga i kvar scene, og forskjellane mellom resitativ og ariar er minimale.

Styrken til Bellini som komponist låg i dei vakre, utdregne melodiane, som i større grad enn samtidige operakomponistar tok omsyn til teksten og til psykologien til karakterane. Her kan han reknast som ein forgjengar til Wagner, som lovpriste Bellini si lyriske evne. Han arbeidde uvanleg tett med solistane sine, og mange av rollefigurane var skreddarsydde for songarane. Hovudrolla i Norma er ei av dei mest krevjande og ettertrakta rollene i sjangeren og var skriven for den leiande sopranen Giuditta Pasta.

I tillegg til operaene komponerte Bellini kyrkjemusikk, mellom anna fire messer og eit tjuetal verk av ulikt kyrkjemusikalsk slag. Han har komponert ein symfoni i D-dur for lite orkester og seks for stort orkester, samt ein konsert for obo og orkester. I tillegg kjem over 30 verk for song og klaver.

Operaene

Tidlege verk

Då Bellini var ferdig på konservatoriet i Napoli fekk han same året høve til å setje opp ein opera, Adelson e Salvini, på studentteatret. Denne operaen vart godt likt, noko som saman med respekten han var gjenstand for ved konservatoriet gjorde at han fekk ei ny bestilling på ein opera, Bianca e Fernando, til San Carlo-operaen. Alt dette fanga merksemda til ein impresario som hjelpte han til ei kontrakt som komponist for La Scala. Bellini flytta til Milano og vart straks kjend med den viktigaste profesjonelle samarbeidspartnaren sin, poeten og librettisten Felice Romani.

Det første samarbeidet deira, Il pirata (1827), vart ein stor suksess i heimlandet og gjorde dei kjende også for eit internasjonalt publikum. Etter Il pirata insisterte Bellini på at Romani var den einaste librettisten han ville samarbeide med. Den neste operaen dei laga saman for La Scala, La Straniera (1829), med ein vokalstil prega av ei sterk dramatisk spenning, markerte eit tydeleg brot med operakomponisten Gioachino Rossini sin svært ornamenterte vokalstil. Seinare gjekk Bellini noko attende i retning Rossini-stilen, men han gav aldri slepp på den dramatiske nerven. Same år som La Straniera vart ein suksess vart framgangen broten, då Bellini fekk oppleve rein fiasko med operaen Zaira. Det gjekk ikkje særleg betre med den neste, I Capuleti e i Montecchi, som berre fekk ei middelmåtig mottaking i Venedig i mars 1830.

La Sonnambula og Norma

Det var dei siste fem åra av livet at Bellini nådde det kunstnarlege høgdepunktet sitt, med La sonnambula (1831), Norma (1831) og I puritani (1835), som var det siste verket hans. Bellini sin modne stil kan først høyrast i La sonnambula, der han finn den endelege balansen mellom dramatisk spenning og virtuos song. Her høyrer ein òg dei «lange, lange, lange melodiane», med Verdi sine ord, som kjenneteikna dei siste Bellini-operaene.

Norma vert av dei fleste rekna som meisterverket til Bellini, og her kjem det lyriske og dramatiske talentet til både Romani og Bellini fram i sin klaraste glans. Handlinga går føre seg i det antikke Gallia, der den kvinnelege druiden Norma vert dødeleg sjalu då ho finn ut at faren til dei to ungane hennar, den romerske prokonsulen Pollione, har forelska seg i ei anna. Gjennom heile operaen strevar Norma med å skilje rett og gale, og til slutt vel ho og Pollione å ende liva sine saman på bålet, i ei meisterleg intens finalescene. Norma vart først motteken med likegyldigheit, men dette endra seg til det betre for kvar framføring som gjekk.

Beatrice di Tenda og I puritani

Den neste operaen, Beatrice di Tenda, vart skrive for La Fenice i Venedig og uroppført i 1833, men vart ingen suksess. Etter Norma pressa Bellini igjennom at Romani skulle skrive libretto av soga om Beatrice di Tenda, men Romani var motvillig og leverte librettoen så seint at Bellini fekk stort hastverk og måtte bruke opp att tidlegare musikk i fleire viktige scener. Dette gjorde denne operaen mykje svakare enn forgjengaren, og etter fiaskoen skilde dei to lag.

Etter dette kom ein førespurnad om å skrive ein opera for Théatre des italiens i Paris, der Rossini var kunstnarisk leiar. Bellini skreiv den neste operaen sin, I puritani, saman med eksilpoeten Carlo Pepoli, som var ein nybegynnar i operafaget. Etter å ha følgt nokre gode råd frå Rossini, vart uroppføringa i januar 1835 ein formidabel triumf. Musikalsk er I puritani noko av det beste Bellini skreiv, og operaen vart ein ny internasjonal suksess. Dei karakteristiske lange melodiane er der, og særleg sopran- og tenorsoloane, skreddarsydde for Giulia Grisi og Giovanni Battista Rubini, er like vakre som dei er imponerande. Dramatisk lid operaen likevel av at Pepoli var ein svakare librettist enn Romani, og særleg den dramatiske oppløysinga i slutten av operaen vert ofte kritisert.

Hausten 1835 vart Bellini sjuk, og etter fleire vekers sjukeleie døydde han 34 år gamal av ein betennelse i tarmen. Det kom som eit sjokk på musikkverda, og under gravferda i Invalidedomen var Rossini med på å bera kista.

Ettermæle

Bellini sine beste operaer gjekk rett inn i kjernerepertoaret i operalitteraturen og heldt seg populære gjennom heile 1800-talet. Ved inngangen til 1900-talet gjekk bel canto-stilen av moten, men etter andre verdskrigen fekk han ei ny oppblomstring, med stjernesolistar som Maria Callas, Joan Sutherland og Luciano Pavarotti.

Både Norma og La sonnambula vart spela i Oslo allereie i 1851, og den unge Henrik Ibsen skreiv den politiske parodien Norma eller en Politikers Kjærlighed like etter, laust basert på Romani sin libretto. Utanom desse to har Bellini sine operaer vore lite spela i Noreg, og I puritani hadde noregspremiere først hausten 2014, under tittelen Søner av sola, gjendikta til nynorsk av Jostein Avdem Fretland.

Verk i utval

Operaer

Verk Oppføringsår
Adelson e Salvini 1825
Bianca e Fernando 1826
Il Pirata 1827
La Straniera 1829
Zaira 1829
I Capuleti e i Montecchi 1830
La Sonnambula 1831
Norma 1831
Beatrice di Tenda 1833
I puritani 1835

Andre verk

  • åtte symfoniar
  • konsert for obo og orkester i Ess-dur
  • sju klaververk, av dei tre for firhendig klaver
  • orgel-sonate i G-dur
  • 40 kyrkjemusikalske verk
  • solosongar

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grout, Donald Jay et al.: A History of Western Music, Sixth Edition. New York 2001

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg