Hopp til innhold
X
Innhald

Vincenzo Bellini

Vincenzo Bellini, italiensk operakomponist. Han var ein hovudeksponent for bel canto-stilen innanfor italiensk opera, særmerkt av lange, lyriske melodiar og svært godt samsvar mellom musikken og karakterane sin psykologi.

Vincenzo Bellini var fødd 3. november 1801 i Catania på Sicilia og døydde i Puteaux, nær Paris, 23. september 1835. Han voks opp i ein musikalsk familie og fekk tidleg musikkundervising av bestefar sin, som òg var komponist. 18 år gamal vart han send til konservatoriet i Napoli, der han studerte i seks år, til 1825. Snart komponerte han for den kjende La Scala-operaen i Milano, og både Il pirata (1827) og La straniera (1829) var store suksessar, som sikra han gode arbeidsvilkår livet ut.

Det var dei siste fem åra av livet at Bellini nådde det kunstnarlege høgdepunktet sitt, med La sonnambula (1831), Norma (1831) og I puritani (1835), som var det siste verket hans. Styrken hans som komponist låg i dei vakre, utdregne melodiane, som i større grad enn samtidige operakomponistar tok omsyn til teksten og til psykologien til karakterane. Her kan han reknast som ein forgjengar til Wagner, som lovpriste Bellini si lyriske evne. Han arbeidde uvanleg tett med solistane sine, og mange av rollefigurane var skreddarsydde for songarane.

Bel canto, «vakker song», refererer til vokalidealet som dominerte i italiensk opera på Bellini si tid, karakterisert av ein lyrisk, rund tone og mjuke fraseringar gjennom heile registeret. I dag er dei seine operaene hans ein del av kjernerepertoaret i italiensk opera, og hovudrolla i Norma er éi av dei mest krevjande og ettertrakta rollene i sjangeren. Rolla var skriven for den leiande sopranen Giuditta Pasta og vart seinare ei signaturrolle for Maria Callas, som var med på å lyfte statusen til bel canto-operaen etter andre verdskrigen.

Frå konservatoriet til La Scala

Då Bellini var ferdig på konservatoriet i Napoli, fekk han høve til å setje opp ein opera, Adelson e Salvini (1825), på studentteatret. Denne operaen vart godt likt og fanga merksemda til ein impresario som hjelpte han til ei kontrakt som komponist for La Scala. Bellini flytta til Milano og vart straks kjend med den viktigaste profesjonelle samarbeidspartnaren sin, poeten og librettisten Felice Romani.

Det første samarbeidet deira, Il pirata, vart ein stor suksess i heimlandet og gjorde dei kjende også for eit internasjonalt publikum. Den neste operaen dei laga saman, La straniera, med ein vokalstil prega av ei sterk dramatisk spenning, markerte eit tydeleg brot med Rossini sin svært ornamenterte vokalstil. Seinare gjekk Bellini noko attende i retning Rossini-stilen, men han gav aldri slepp på den dramatiske nerven.

La sonnambula og Norma

Etter Il pirata insisterte Bellini på at Romani var den einaste librettisten han ville samarbeide med. Bellini sin modne stil kan først høyrast i La sonnambula (1831), der han finn den endelege balansen mellom dramatisk spenning og virtuos song. Her høyrer ein òg dei «lange, lange, lange melodiane», i Verdi sine ord, som kjenneteikna dei siste Bellini-operaene.

Norma vert av dei fleste rekna som meisterverket til Bellini, og her kjem det lyriske og dramatiske talentet til både Romani og Bellini fram i sin klaraste glans. Handlinga går føre seg i det antikke Gallia, der den kvinnelege druiden Norma vert dødeleg sjalu då ho finn ut at faren til dei to ungane hennar, den romerske prokonsulen Pollione, har forelska seg i ei anna. Gjennom heile operaen strevar Norma med å skilje rett og rangt, og til slutt vel ho og Pollione å ende liva sine saman på bålet, i ei meisterleg intens finalescene.

(Artikkelen held fram under videoen)

Framføring av Norma i 2011 på Ópera de Las Palmas de Gran Canaria.

Siste år

Etter Norma pressa Bellini igjennom at Romani skulle skrive libretto av soga om Beatrice di Tenda, men Romani var motvillig og leverte librettoen så seint at Bellini fekk stort hastverk og måtte bruke opp att tidlegare musikk i fleire viktige scener, noko som gjorde operaen Beatrice di Tenda mykje svakare enn forgjengaren. Etter fiaskoen skilde dei to lag, og Bellini skreiv den neste operaen sin, I puritani, saman med eksilpoeten Carlo Pepoli, ein nybegynnar i operafaget.

Musikalsk er I puritani noko av det beste Bellini skreiv, og operaen vart ein ny internasjonal suksess. Dei karakteristiske lange melodiane er der, og særleg sopran- og tenorsoloane, skreddarsydde for Giulia Grisi og Giovanni Battista Rubini, er like vakre som dei er imponerande. Dramatisk lid operaen likevel av at Pepoli var ein svakare librettist enn Romani, og særleg den dramatiske oppløysinga i slutten av operaen vert ofte kritisert.

Hausten 1835 vart Bellini sjuk, og etter fleire vekers sjukeleie døydde han 23. september av ein betennelse i tarmen. Det kom som eit sjokk på musikkverda, og under gravferda i Invalidedomen var den umåteleg populære operakomponisten Gioachino Rossini med på å bera kista.

Ettermæle

Bellini sine beste operaer gjekk rett inn i kjernerepertoaret i operalitteraturen og heldt seg populære gjennom heile 1800-talet. Ved inngangen til 1900-talet gjekk bel canto-stilen av moten, men etter andre verdskrigen fekk han ei ny oppblomstring, med stjernesolistar som Maria Callas, Joan Sutherland og Luciano Pavarotti.

Både Norma og La sonnambula vart spela i Oslo allereie i 1851, og den unge Henrik Ibsen skreiv den politiske parodien Norma eller en Politikers Kjærlighed like etter, laust basert på Romani sin libretto. Utanom desse to har Bellini sine operaer vore lite spela i Noreg, og I puritani hadde noregspremiere først hausten 2014, under tittelen Søner av sola, gjendikta til nynorsk av Jostein Avdem Fretland.

Kjelder

Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music, Sixth Edition. New York 2001

Jonathan Dean: «How to Distinguish ROSSINI from BELLINI from DONIZETTI», innlegg på Seattle Opera Blog, publisert 1.10.2010: http://www.seattleoperablog.com/2010/10/how-to-distinguish-rossini-from-bellini.html [lesedato 31.10.2014]

Owen Jander og Ellen T. Harris: «Bel canto», i Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/02551 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 11.12.2014]

Simon Maguire et al.: «Puritani, I.», i The New Grove Dictionary of Opera. Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/O006929 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 1.11.2014]

Simon Maguire et al.: «Beatrice di Tenda», i The New Grove Dictionary of Opera. Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/O004854 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 1.11.2014]

Simon Maguire og Elizabeth Forbes: «Norma», i The New Grove Dictionary of Opera. Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/O903486 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 1.11.2014]

Hibba Sarmadawy mfl.: «– Fantastisk! Imponerande! Verdsklasse! – Nynorsk operapremiere vekte italienske kjensler», nyhendeartikkel om Opera Nordfjord si oppsetjing av I puritani, publisert 2.10.2014: http://www.nrk.no/sognogfjordane/nynorsk-opera-vekte-sterke-kjensler-1.11963023 [lesedato 1.11.2014]

Mary Ann Smart et al.: «Bellini, Vincenzo», i Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/02603 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 1.11.2014]

Vigdis Ystad: «Innledning til Norma», publisert på nettsida Henrik Ibsens Skrifter, under Universitet i Oslo: http://ibsen.uio.no/DRINNL_No|intro_background.xhtml [lesedato 1.11.2014]

Først publisert: 07.08.2015
Sist oppdatert: 07.08.2015