Hopp til innhold
X
Innhald

Wenche Blomberg

 Wenche Blomberg, fødd i 1943, er forfattar og kriminolog. Ho har mellom anna gitt ut Galskapens hus. Internering og utskilling i Norge 1550–1850.

Wenche Blomberg, fødd 23. juni 1943 i Tønsberg, er forfattar og kriminolog. Ho har gitt ut fleire barnebøker, mellom andre Appelsinenes land (1980), om kvardagen til barn i Palestina i åra 1947–48, biletboka Jeg skal få en katt (1983), Kiai! (1987) og Vesle perlegrå (2004). Bøkene For døve ører (1990) og Karoline og vitenskapen (1993) handlar om overgrep i psykiatrien. Vidare har Blomberg mellom anna skrive Galskapens hus. Internering og utskilling i Norge 1550–1850 (2002).

Blomberg vart statsstipendiat i 2008. I 2006 fekk ho Noregs forskingsråds formidlingspris for arbeidet med galskapens historie i Noreg og i 2010 fekk ho heidersprisen Bypatrioten av Selskabet for Oslo Byes Vel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 30.08.2018