Hopp til innhold
X
Innhald

William Blake

William Blake (1757–1827) var ein britisk målar, grafikar og poet som har halde fram med å inspirera litteraturen lenger enn mange av sine romantiske samtidige. Blake fanga opp den sosiale problematikken i industrisamfunnet, samtidig som han var ein original religiøs tenkjar og mystikar.

Han har spela ei stor rolle for norske poetar i etterkrigstida og er omsett av Olav H. Hauge, Tor Obrestad, Erling Indreeide og Geir Uthaug, som også har biografert han. Også hos Georg Johannesen er det klåre spor av Blake. Viktige titlar er The Marriage of Heaven and Hell (1793), Songs of Innocence (1789) og Songs of Experience (1794).


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 16.10.2018
Sist oppdatert: 16.10.2018