Hopp til innhold
X
Innhald

Barthold Vonen

Barthold Vonen (t.v.) i samtale med Claude Lillingston jr. i 1945. © Fylkesarkivet.

Barthold Vonen (t.v.) i samtale med Claude Lillingston jr. i 1945. © Fylkesarkivet.

Barthold Vonen (1887-1966) frå Voss, busett i Dale. Forstkandidat, og skogsbrukssjef i Sogn og Fjordane. I Dale fekk han skøyte på Dale gard i 1909 og dreiv den til 1950. Vonen gjorde ein stor innsats for skogreisinga i Sogn og Fjordane og på resten av Vestlandet, og var m.a. sterkt oppteken av skogreising på kysten.

Han spela ein sentral rolle for å få starta treforedlingsfabrikken VeTreFo i Vadheim (Den mislukka cellulosefabrikken) i 1959. For innsatsen vart han utnemnd til riddar av St. Olavs orden. Soneson til Bertel Vonen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011