Bernt Tunold var biletkunstnar. Han hadde ei levande interesse for gamle gardstun og handverksprodukt, og var ein av dei største skildrarane av Vestlandet. Med bileta sine har han som ingen andre «kartlagt» landsdelen frå Sunnmøre til Indre Ryfylke, og helst i gråvêr.
Bernt Tunold var fødd på Selja i Selje. Han registrerte seg som innflytta i Bergen i 1900 og hadde byen som adresse resten av livet – med unntak av eit år i Sigerfjord i Nordland (1912–1913) og fire år i Ommedalen i Hyen (1916–1920). Begge stader laga han noko av det beste i kunstnarskapen sin.
I 1895 byrja han på den treårige underoffisersskulen i Bergen, men vart dimittert etter to år med attesten «Uskikket til videre Uddannelse». Det er uklart kvifor han ikkje fekk fullføre, men det kan ha å gjere med ein viss aversjon mot militær disiplin.
Tunold omtalte seg gjerne som autodidakt, men det er ikkje heilt rett. To vintrar, i 1901–1902, gjekk han på Asor Hansens målarskule i Bergen. Der har han nok lært det grunnleggjande, sjølv om han tidleg rauk uklar med læraren. På eitt punkt følgde han likevel læraren: I landskapsbileta skulle menneske berre tene som staffasje. I den grad dei finst der, viser Tunold oss dei anten bakfrå eller frå sida.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.