Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarte Sindre

Bjarte Sindre fødd 1936 i Kinn. Lektor, forfattar og lokalhistorikar. Rektor ved Flora v.g. skule 1980–1999.

Bjarte Sindre fødd 1936 i Kinn. Lektor, forfattar og lokalhistorikar. Rektor ved Flora v.g. skule 1980–1999.

Redaktør av jubileumsboka for Florø Turn og Idrettsforening, medredaktør av «I Ramnens skugge» (om Kinna–spelet), og har skrive ei mengd lokalhistoriske artiklar i ulike publikasjonar.

Sindre gav i 2010 ut dei to første bøkene i romanserien "Odins smykke" (Selja Forlag), med handling frå vikingtida. I 2012 gav han ut biografien «Flyhelten Thor Solberg». (Selja Forlag) og «Posten i Flora», posthistoria i Flora.

Sindre har vore leiar i Sogn og Fjordane Skrivelag og aktiv i Kringkastingsringen sitt arbeid for skiping av lokalradioar i Sogn og Fjordane.

Tildelt kulturprisen til Flora kommune i 2011.

Far til Guttorm Sindre.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.12.2012