Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørg G. Hovland

Bjørg G. Hovland. Privat foto.

Bjørg G. Hovland. Privat foto.

Bjørg G. Hovland fødd 1941, frå Luster. Bunadsprodusent og forfattar. Ho har rekonstruert fleire eldre draktplass i indre og midtre Sogn, mellom anna har ho bygd på bilete av nasjonalromantiske kunstnarar som Flintoe og I. C. Dahl.

Ho syr bunader, har halde kurs i bunadssaum og om hovudplagg, og ho har skrive artiklar i fagblad og bøker om bunader.

I 2014 gav ho ut boka «Folkedrakter og bunader frå Sogn» (Skald Forlag). Ho er tildelt «Gullnål med Diplom» frå Norges Husflidslag, og ho fekk kulturprisen til Luster kommune i 1996.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.05.2014