Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørg Sandal

Foto: Kjetil Alsvik.

Foto: Kjetil Alsvik.

Bjørg Sandal fødd 1955, frå Tennebø. Cand. mag. og politikar for Arbeidarpartiet.

Bjørg Sandal vart tilsett i Phillips Petroleum Company Norway i Stavanger i 1987, og har arbeidd der m.a. som informasjonssjef.

Ho vart i 2000 utnemnt til statssekretær i Olje- og energidepartementet under statsråd Olav Akselsen.

Frå 2002 til 2010 var Bjørg Sandal informasjonsdirektør i Helse Vest. Deretter vart ho Senior Vice President Communications i oljeselskapet Aibel AS.

Søster til Reidar Sandal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011